Gjer Noreg greit igjen

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Last updated on September 4th, 2017 at 01:30 pm

I Noreg har vi ei tam presse, ei presse som reproduserer eit verdsbilete, gjev plattform til dei som stadfestar etablerte sanningar – og forviser dei andre til det store, svarte holet. Den tamme pressa gjev deg alltid val. Skal vi delta i krigen i Syria for å stø radikale opprørarar? For å bidra til humanitær hjelp? Skal vi delta i krigen for å læra muslimane vestleg demokrati, avsetja diktatorar?

Det alternativet vi aldri får er det opplagte: Halda seg langt borte frå ein skitten borgarkrig der Israel, Saudiarabia og Tyrkia har langt mindre enn ideelle motiv for intervensjonskrigen. Berre røyster i ytterkanten av det norske mediebiletet – som Pål Steigan og Hanne Nabintu Herland – stiller spørsmål ved om vi i det heile skal vera med på denne dødens marknad. Og vesentlege sider av desse konfliktane, som handlar om langt meir enn «dei gode» sin kamp mot «det vonde», blir aldri tema i norsk debatt.

Det burde vera ei gladsak for alle som er interessert i politikk her i landet at ein frittalande og uavhengig mann som Helge Lurås no lanserer nettavis for å gje plass til nye perspektiv, viktige fakta og røyster som ikkje slepp til i den tamme pressa. Men denne gladsaken blir no møtt med ei motforteljing. Ei motforteljing som handlar om at skumle milliardærar freistar «dra Noreg til høgre» gjennom å laga «eit norsk Breitbart». Dei engstelege som ikkje er vane med andre nyhende enn dei som blir servert i ei tam presse skal skremmast tilbake til trygg grunn.

Dette er eit botnfalsk forteljing. Slik eg ser det, handlar ikkje Resett om «make America great again». Det handlar om å gjera Noreg greit igjen. Og det burde vi klara, om vi greier å mobilisera alle gode krefter.

Dette handlar ikkje om høgre eller venstre. Det handlar om at mange folk, både til høgre og venstre, blir meir og meir framandgjort frå dei politiske alternativa ei tam presse tilbyr oss. Skal vi gjera noko med dette, må rammene kring norsk ordskifte endrast. Og Resett kan bli eit viktig bidrag til dette.

Sjølv kjem eg frå Hanna Kvanmos heimby, har vore aktiv i radikal politikk sidan eg vart med i Raud Ungdom midt på åttitalet, og har i grunnen aldri angra dei store, politiske vegvala eg har tatt. Eg finn mykje av facebookhøgres retorikk om «venstresida» merkeleg. Men eg forstår denne retorikken. For over hundre år sidan braut arbeidarrørsla med dei etablerte, liberale partia. I heile den vestlege verda vart «independent labour» ei avgjerande politisk kraft gjennom to verdkrigar og ikkje minst i gjenreisinga etter krigen. Dette er den politiske kulturen eg vaks opp i.

Men å seia at dagens «venstreside» er uavhengig er å ta for hardt i. Viktige delar av venstresida har vakse saman med statsapparat og transnasjonale interesser – det som i eitt moderne omgrep blir kalt «globalisme». Og på vegen har ein laga eit sekulært presteskap som er ei alvorleg hindring for fritt og fornuftig ordskifte av same slag som det eg vaks opp med.

Ikkje alle synspunkt er like velgrunna. Men alle har same rett til å koma til orde, og dei som har fått oppleva konsekvensane av globalisme og einsrettinga på meiningsmarknaden har rett til å uttrykka seg med eigne ord. So får debatten i etterkant syna kven som har dei tyngste argumenta. Vi har gått alt for langt i retning av å stempla og mistenkeleggjera folk som ikkje held seg innanfor svært tronge råmer.

So ogso den venstresida som er kritisk til dei nykonservative krigane (Irak, Libya, Syria), som er redd for konsekvensane av grenselause arbeidsmarknader (transport, bygg og anlegg), som meiner det er viktig at styresmaktene kan driva politikk – ikkje berre «leggja til rette» innanfor juridiske tvangstrøyer – bør nytta høvet no når Resett opnar ei dør. Den nyliberale utopien – den «historias slutt» som Francis Fukuyama skreiv om – døyr no. Vi går usikre tider i møte, og bør venda tilbake til det som har gjort Noreg til eit trygt og velfungerande land. Vi må slutta å senda våre svært sparsame væpna styrkar halve kloden rundt for å kriga i ørkenland. Særleg når vi ikkje veit kven vi er allierte med.

Vi må gjera Noreg greit igjen.


Publisert: Sep 4, 2017 @ 1:30 pm


Takk for at du leser Resett. For å kunne fortsette å produsere kvalitetsmateriale avhenger vi av din støtte. Klikk her for å finne ut hvordan du kan støtte oss.

The following two tabs change content below.

Hans Olav Brendberg

Lærar i fådelt skule

Latest posts by Hans Olav Brendberg (see all)