Den politisk ukorrekte klimadiskursen og ”- fandens kompakte majoritet”

Forfatteren og dramatikeren Henrik Ibsen Foto: Scanpix / arkiv

Finansminister Siv Jensen har ein gong uttalt at ho ikkje trudde global oppvarming var menneskeskapt. Det var uklokt sagt av ein i hennar stilling. Ho burde sagt at den globale oppvarminga kjem av menneskelege utslepp av klimagassar og av naturleg variasjon, men at me enno ikkje kjenner fordelinga mellom desse. Slik kunne ho ha invitert til ein diskurs.

 

CICERO er ei tverrfagleg stifting oppretta av regjeringa med det føremålet å styrkje kunnskapsgrunnlaget for norsk og internasjonal klimapolitikk. Seniorforskar Bjørn Samset ved CICERO har kritisert at Jensen uttalar seg slik, og at det er CICEROs oppfatning at det no må vera slutt på å tvile på konklusjonane til FNs klimapanel. Med det har stiftinga gjeve til kjenne fire tvilsame sider. 1. Dei driv politikk i staden for berre forsking. 2. Bruk av hersketeknikk (Alle er jo einige om—-). 2. Ser ikkje verdien av diskurs. 3. Har eit dårleg grunnlag for å møte ”borgarleg offentlegheit”, dvs. det faktum at 20% av det norske folk ikkje trur på klimapanelet. (Meiningsmåling, september 2017).

Det er ikkje sikkert at dei som mistrur klimapanelet har eit fagleg grunnlag for standpunktet sitt. Truleg er det etterverknader etter avsløringar av korleis klimapanelet har freista å hindre diskursen. Når ein som forskar har eit ferdig standpunkt, og vil hindre andre idear å koma fram, kan ein gjera si eiga sak ei bjørneteneste. Å opne for upopulære standpunkt i ein debatt, er med på å skape tillit til eigen sak. Då kan det bli ein diskurs, som den tyske filosofen og sosiologen Jürgen Habermas kallar det. Ein kort definisjon på diskurs er ein utprøvande samtale. Det motsette blir diskusjonar, der deltakarane har urokkelege standpunkt og kjempar for å vinne debatten.

 

I dagens media er det lite diskurs om klimaårsakene. Vel er avisene opne for lesarinnlegg frå båe sider. Men når ei faggruppe påviser i lesarinnlegg i Aftenposten at talet på ekstremværhendingar i Noreg har gått ned dei siste 20 åra, burde det ha fått redaksjonelt oppslag. Slik blir det ikkje høve til å drøfte politisk ukorrekte utsegner om klimaspørsmålet. Truleg er alle ”fornuftige” samde om at det er det ikkje turvande å drøfte. Men i juryen i filmen ”12 edsvorne menn” var også fyrst alle 12 samde om at den tiltala var skuldig. Etter ein diskurs, var likevel alle einige om at han måtte frikjennast.

 

Fleirtalstyranni
I Ibsens ”En Folkefiende” (1882) er det lite diskurs. Dr. Stockmann har oppdaga forureining i vatnet til den nye badeanstalten og reknar med at alle i byen blir glade for at dei no kan kvalitetssikre vatnet. Sjølvsagt er ikkje alle einige i at dette er positivt, men han har mange støttespelarar som vil kjempe for at han får rett, m.a. redaktøren av ”Folkebudet”. Likevel fell dei frå, ein etter ein. Det er ikkje argument som har fått dei til å endre syn, nei det er for di det er så mange på motsett side, og dei er så viktige i byen. Brått torer ikkje redaktøren prente ein artikkel av Stockmann, av omsyn til opinionen.

ANNONSE:

 

”En folkefiende” tek opp sviket hjå dei som eigenleg trur på ei sak, men dersom motstanden blir sterk nok, torer dei ikkje lenger stå fram med det dei meiner mot majoriteten. Dr. Stockmann sjølv går gjennom ei utvikling frå å tru på massane til å forakte ”denne fandens kompakte majoritet”. Spørsmålet er: Har vi eigenleg lært noko av Ibsen når det gjeld fleirtalstyranni? Er vi slik at vi tek populære standpunkt for di vi ikkje torer anna av omsyn til dei vi identifiserer oss med?

 

Argument og konsensus
Borgarleg offentlegheit er eit anna emne Habermas har arbeidd mykje med. I boka med same namnet (1962) tek han opp korleis 1700-talets kroer og kaffihus blei stader der borgarane kunne argumentere og koma fram til konsensus i emne frå kunst, vitskap og samfunnsliv. Habermas festa seg ved krafta i dei gode argumenta når folk kom saman til diskurs. Samtalene som folk hadde i det offentlege romet var viktige for utviklinga, også for politiske avgjerder. Det såg me og i 1994 då det blei  Nei til EU, trass i føringar frå politiske parti og sterk mediedominans for Ja til EU.

 

Større løyvingar til klimaforsking
FNs klimapanel har sjølvsagt rett i at føre-var-prinsippet må gjelde, sjølv om det kan vera tvil om det er konsensus. Vidare er talet på forskarar som støttar dei så stort, jamført med dei som er kritiske, at det må vera overtydande. Fleirtalet har rett. Og ein majoritet som er samd med klimapanelet, vil føre til auka løyvingar til klimaforsking. Vi kan berre tenkje oss korleis det er  å vera skeptisk forskar i klimaforskingsinstitusjonar. Ikkje berre blir ein sett på sidelina, men ein er også med på å hindre nye løyvingar til institusjonen. Det må difor vera grunn til undring når ein ser at forskarar uttalar seg friare etter at dei har gått av med pensjon. Tidlegare direktør for Norges forskningsråd, Ole Henrik Ellestad, er klimarealist, men det flagga han ikkje så lenge han var i stillinga.

 

”- torde ikke annet”
Ein offentleg diskurs om klimautviklinga kan til dømes ende med konsensus om det følgjande: Klima utviklar seg både på grunnlag av naturlege svingingar og menneskeskapte utslepp. Dersom den menneskeskapte årsaka er størst, er det grunn til store restriksjonar på menneskeleg aktivitet. Dersom naturens eigne klimaendringar er det viktigaste, bør ein satse ressursane på å tilpasse seg ein ny klimasituasjon. Å hevde at den globale medeltemperaturen dei siste 25 åra har vore høgare enn i perioden 1960 – 90 er ikkje klimahysteri, det er empiri. Såleis er det ikkje naturleg å ta dei med i diskursen som fornektar slike fakta. Det er årsakene til denne globale oppvarminga som kan vera emne i ein utprøvande samtale. Men det trengst styrke til å hevde at klimapanelet kan prioritere feil; Stockmann vil seie at dei som gjer det, er av dei sterkaste menn i verda. For sluttreplikken hans i ”En folkefiende” er: ”— den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene”. Medan dei veike blir dei som følgjer majoriteten og gjer politiske prioriteringar på grunnlag av redsle for massane. Tida er kanskje inne til å åtvare mot at vi også i vår tid skal grunngje handlingar på same vis som byfogden då han gav dr. Stockmann sparken: ”- vi torde ikke annet for den almene opinions skyld”?


Publisert: sep 14, 2017 @ 7:04 pm


Takk for at du leser Resett. For å kunne fortsette å produsere kvalitetsmateriale avhenger vi av din støtte. Klikk her for å finne ut hvordan du kan støtte oss.

The following two tabs change content below.

Dag Aanderaa

Magister i litteraturvitskap

Latest posts by Dag Aanderaa (see all)