Grønland politistasjon på politihuset i Oslo. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix
annonse
annonse

Landbakgrunnen til dei som fekk tildelt norsk statsborgarskap i 2018 er som ein blåkopi av landbakgrunnen til dei innvandrarane som er mest overrepresentert i kriminalitetsstatistikken. 

Ikkje mindre enn 7 av dei 10 største gruppene med overgang til norsk statsborgarskap kom frå land som er overrepresentert i kriminalstatistikken. Og dei som toppar statistikkane er frå muslimske land. Personar med bakgrunn frå muslimske land toppar både kriminalitetsstatistikken, og får flest statsborgarskap.

I 2017 ga SSB ut ein rapport om kriminalitet og innvandring. Aftenposten lagde denne oppstillinga over sikta personar og landbakgrunn. Dei 6 mest kriminelle landbakgrunnane er muslimske.

annonse

Les også: Oslofolk vil heller ha lavere kollektivpriser enn lavere bomsatser

Personar med bakgrunn frå muslimske land får oftare statsborgarskap. I 2018 blei det delt ut 10300 statsborgarskap til personar frå ca. 100 forskjellige land. Dei fem største gruppene med overgang til norsk statsborgarskap var alle muslimske (Somalia, Eritrea (ca 50% muslimsk), Irak, Afghanistan og Pakistan).

I tabellen om innvandring og kriminalitet ser ein at alle dei seks verste landa er muslimske (Kosovo, Somalia, Irak, Iran, Afghanistan og Marokko). Ein ser og at absolutt alle muslimske land som er nemnde er overrepresentert i kriminalstatistikken.

Det hadde sjølvsagt vært sunt for Norge å stoppe innvandring frå dei landa som er mest overrepresentert i kriminalitetsstatistikken. I alle fall midlertidig, til situasjonennormaliserer seg. Men kor er politikarane som er villig til å ta vare på eigen befolkning?

Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon