Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / Scanpix
annonse
annonse

«Ei anna næring enn pelsdyrnæringa hadde neppe blitt handsama på denne måten»

«I land utan demokratiske tradisjonar er det ikke ukjent at styresmaktene eller øvste leiar legg tunge byrder på folket», skriv lokallagsleiar i Bondelaget.  

I Nationen skriv Arne Frode Øvreseth, leiar i Breim Bondelag, om korleis pelsbøndane føler seg svikta av regjeringa. 

annonse

Han syner korleis pelsdyrbønda blei ofra for å få Venstre inn i regjering i 2017. Da fekk partiet gjennomslag for kravet om å avvikle næringa. 

Bondelagsleiaren er ikkje nådig i ordbruken og kallar dette «eit reint maktmisbruk av det slaget ein ser i dei deler av verda der det er eit autoritært styresett.»

«Det er ikkje naudsynt å kome med konkrete eksempel, men i land utan demokratiske tradisjonar er det ikkje ukjent at styresmaktene eller øvste leiar legg tunge byrder på folket, eller på delar av folket, for å styrke eller halde på sitt eige maktgrunnlag. No har vi sett det same i demokratiske Noreg, og det er sjølvsagt ikkje slik vi skal ha det.»

Han krev at erstatning skal utmålast konkret for kvar enkelt næringsdrivande etter gjeldande erstatnings- og utmålingsprinsipp, ikkje etter skadevaldar sitt frie skjønn samla for alle og at alle bønder må få full kompenasjon. 

annonse

«Ei anna næring enn pelsdyrnæringa hadde neppe blitt handsama på denne måten, men dei same demokrati- og rettsprinsippa gjeld uansett om ein er for eller mot pelsdyrhald.»

 

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon