.Hurtigbåten fra Hareid på vei til kai i Ålesund i vakkert vintervær tredje juledag. En snødekt Godøy i bakgrunnen t.v. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix
annonse
annonse

Eg er om bord i Hurtigruta, kystens stødige gangar, som pløyger seg veg gjenom tunge havbårer over Folda, det illerykta sjøstykket mellom Rørvik og Fosen der opne havet gjev sørvestkulingen fri bane og høgg tak i skipet som stampar seg fram gjenom den svarte desembernatta i romjula.

Eg er glad eg har fått lugar på nest nederste dekk, det slingrar ikke så fælt her nede mot botnen av skipet der eg ligg og les aviser og ventar på at sjøsjuka skal gripa fatt i meg. Eg har gruva meg på førehand. Det var meldt dårleg ver og kuling frå sørvest, dårlege meldinger til ein mann som lett vert kvalm og sjøsjuk. Og eg er reie til å spy, tenkjer eg, der eg ligg og ventar på å verta sjuk medan skipet stig og fell i bølgene. Men det er ikkje så ille som ein skulle tru. Slingringa er mindre enn venta, og eg vonar at eg slepp å spy, tenkjer eg då ei ekstra tung bølge løfter skipet og eg kjenner det søkk i magen på tur ned i bølgedalen, og sveitten driv av heile meg. Men så roar havet seg. Me er nok komne inni i skjærgarden der havet og vinden ikkje tek like sterkt. Over Folda enda ein gong utan å spy, tenkjer eg og sovnar.

Les også: EU-parlamentet advarer mot å bruke ord som «mankind» i ny, politisk korrekt håndbok

annonse

Det har vore ein del ferder på meg med Hurtigruta gjennom åra, og særleg etter at eg vart pensjonist og flytta nordover medan min såkalla betre halvdel og særbo bur i sør. Det er til ho eg er på veg, og eg har enda to opne havstykkje att før eg kan leggja til kai. Men vinden skal visst gi seg litt, så Hustadvika og Stadthavet lyt eg greia denne gongen slik at eg slepp å gå i land i Ålesund og leggja meg inn på hotell og ta bussen vidare sørover neste dag.

Hurtigruta er vanlegvis prega av turistar, særlig om sommaren, men turistferdselen er vorten meir og meir eit heilårsfenomen. I romjula er passasjersamansetninga litt annleis enn til vanleg. Turistar er her, tyskarar, amerikanarar og engelskmenn, men mest nordmenn, mykje famliefolk, mange med småungar. Dei har truleg vore på julevitjing hos slekt og vener i nord. Ja, det er forbløffande mange barn, her er både to og trebarnsfamiliar å sjå, og ei tobarnsmor går rundt med flott, svulmande mage, noko som ikkje er så vanleg i desse tidene der reproduksjonsraten hos etniske nordmenn ligg langt under det naudsynte kravet om to barn per kvinne i kjønnsmogen alder. Pensjonistane er heller ikkje så dominerende om bord som dei plar vera.

Eg kjem til å minnast ei hurtigruteferd frå Tromsø og sørover eg gjorde i slutten av august i 1980. Det hadde vore ein makalaus somar i Nord-Noreg det året. Det vart sett ny solrekord i Tromsø, ein månad utan regn, såvidt eg hugsar, og ferda sørover gjekk i strålande sol og sydenvarme, slik at folk heldt seg mesteparten av tida ute på dekk. Der var det italienarar, tyskarar, engelskmenn, franskmenn og amerikanarar. Folk sat ute på dekk og åt og skravla, og nokre ungdomar spelte gitar og sang Beatles-låtar, medan italienske kvinner gjekk rundt og strekte skamlaust armane i veret slik at ein kunne sjå dei hårete armholene deira. Eg kom i snakk med nokre franske ungdomar som hadde teke tog og buss frå Oslo til Tromsø og som no nytta sjøvegen til å komme seg sørover. Dei var i stavar over naturen i Noreg, men la likevel band på seg med skryt og lovord. Frankrike var nok framleis landet for dei, med stor L. Franskmenn er som alltid franskmenn, les meilleures, ingen skulle koma og fortelja dei noko anna.

Sidan den gongen er det mykje som er forandra på Hurtigruta. Turistane dominerar meir no. Hurtigrutene er større, og lugarane har dusj. Før i tida måtte ein stort sett dela lugar med folk ein ikkje kjende om ein skulle vera med Hurtigruta, og det er mogleg at det gjorde folk meir sosiale og innstilte på å snakka med kvarandre. Slik det er i dag, er det ikkje mykje snakking med andre passasjerar. Folk held seg til sine reisefelagar og har tilsynelatande nok med seg sjølve. Det verkar som om omgangsstilen på Hurtigruta er skapt av livsmette pensjonistar som ikkje ynskjer samkvem med andre, og som er nøgde med den informasjonen og kunnskapen dei har frå før, om han ikke skulle koma fra høgtalarstemma som med jamne mellomrom fortel om kjende landmerke me fær forbi.

Eg hugsar for nokre år sidan då eg tinga meg plass i restauranten til middagen om kvelden før skipet kom til Trondheim, der dei fleste turistane går av, både om sommaren og vinteren. Derfor er denne middagen avslutningen av turen for mange. Eg kunne ha ete middag i kafeen, men hadde lyst til å sjå korleies det gjekk føre seg mellom turistane på deira siste middag om bord. Men at eg tinga meg middag i restauranten saman med turistar som hadde vore i lag og sete ved same middagsbord i ei veke, synte seg å skape problem for restaurantpersonalet. Eg hadde fått utdelt nummeret på bordet og seteplassen min på en lapp, men då eg skulle setja meg til bords, der det allereie sat fleire turistar, vart eg gjort merksam på at plassen var oppteken. Restaurantpersonalet vart tilkalla og skulle greie opp i floken. Eg vart teken med på ein rundtur i restauranten for å finna ein ledig plass, men dei misbilligande blikka me møtte ved borda, ga oss melding om at her ynskte ein ikkje innblanding og forstyrring av framande utanfrå. Det heile enda med at eg vart plassert åleine ved eit bord som personalet dekka til for meg, og der vart eg sitjande og undra meg over hendinga. Folk vil ikkje ha framande inn på livet, og særleg om det er nokon som ikkje er av same nasjonalitet som dei sjølve, tenkte eg. Det er nok meir enn ein ting som kan forklara denne «sjølnøgde» haldninga, men den har heilt sikkert noko å gjera med den satte livsstilen til pengesterke pensjonistar. Dei vil ha fred og sleppa å anstrenga seg for å samtala med folk som snakkar eit anna mål enn deira eige. På den andre sida ser det ut til at desse livsmette pensjonsistane ikkje har noko problem med å sleppa millionar av migrerande asylsøkjarer inn i landa sine, men berre så lenge dei ikkje gjer innhogg i lommebøkene deira. Og det har enno ikkje skjedd. Dei tryggleiksdyrkande middel- og overklassane i Europa har ennå ikkje fått inn på livet den nye røyndomen dei har laga for klassane nede i samfunnshierarkiet.

Les også: Reagerer på at elever ikke får si «julemat»: – Vi må slutte med en ødeleggende form for politisk korrekthet 

Eg meiner altså at det er skapt ein stil om bord i Hurtigruta som innebær avstand til andre, der ein nøyer seg med å kommunisera med seg sjølv og med reisefelagane sine, og dersom det skulle vera med andre, er det med folk eller nettstader i heimlandet via mobilen eller ipaden. Begge desse innretningene er nye samanlikna med det som var vanlege kommunikasjonsmiddel for 40 år sidan. Og eg trur at eg med rette kan seia at mobilane, ipadane og pc’ane forsterkar isolasjonistiske tendensar hos ferdafolket på Hurtigruta.

Framleis går Hurtigruta ikkje berre med turistar, men og med varer, med last. For nokre år sidan, i september, vart eit parti med krabbe lossa på kaia i Brønnøysund. Krabbene låg i opne isoporkasser, og to franske damer såg på lossinga og snakka seg imellom kva det vel kunne vera i kassene. Dei kom fram til at det måtte vera krabber, og eg som sto like i nærleiken, kunne på min beste fransk stadfesta at det var krabber. Dei såg rart på meg og gjekk. Ikkje det minste interessert i å snakka med ein framand kar frå det landet og den kysten som Hurtigruta går gjenom, ein som mellom anna kunne ha fortalt dei om krabbefisket på Helgelandskysten, ein kyst som no mange stader ligg folketom, men der det ein gong budde folk på nesten kvart eit nes og kvar ein holme. Ein person som kunne ha fortalt dei om kvifor folk flytta, kva dei flytta frå, eit vindpiska liv, der sjørokket dreiv som skummande drefs om husnovene kor vinterstormane ruska i husa på dei forblåste holmane, slik at både dei og folka inni skalv der dei sat i halvlyset frå oljelamper og vokslys som blafra i trekken frå dei utette husveggane.

Ei annan gong, i leia like nord for Rørvik sat eg i salongen på toppdekket på ei av de nyaste hurtigrutene med 180 graders utsikt eller view, som det heiter på «nynorsk». Det var fint og klårt ver, også denne gongen var det september. Ein tyskar sat med kikkerten sin og speida etter liv i naturen, helst fuglar. Men til tross for kikkerten, verka det ikkje som han såg noko særleg. Han var nok ikkje van med natur. Kan hende kom han frå «Das Rurhgebiet» der det ikkje er så mykje natur å snakka om, og der ein heller ikkje har høve til læra seg å sjå naturen. Er ein ikkje van med det og ikkje har lært det, så ser ein heller ikkje mykje. Eg sat ganske nært kikkertmannen, utan kikkert og såg ei havørn sitjande i ei furu. Med eitt letta ørna og flaug majestetisk, og eg sa til tyskaren på engelsk, at der flyg ei ørn. Han fomla etter kikkerten og prøvde å fange opp ørna med den, men han fekk ho ikkje i fokus. Å sjå etter ho utan kikkerten, var ikkje noko val for han, og ørna flaug sin veg utan at han hadde sett ho.

annonse

Eit normalt nyfikent menneske ville ha innleia ein samtale, og spurt om fuglelivet på Helgelandskysten, og fått høyra om bestanden av havørn, som har vokse slik dei siste åra, og om fuglelivet elles i skjærgården som har skrumpa inn slik at det nestan berre er eit rudiment av det som ein gong var. Men nei, tyskaren sat der taus og tagal, med kikkerten sin og kom ikkje til å sjå noko som helst, for han visste ikkje at ein må læra å sjå naturen Det moderne, europeiske menneskjet ser ikkje lenger, det forstår verken seg sjølv eller andre. For den moderne europearen er livet, den sosiale og kulturelle røyndomen dei lever i, vorte kulissar. Turen med Hurtigruta kunne dei med større utbytte ha sett på film. Då ville dei ha hatt filmmakarane til å sjå for seg. Notidas europeerar treng andre til å sjå for seg fordi dei sjølve ikkje «ser» lenger. Og dei som ser f o r dei, er mediene, som spyr ut sine politisk korrekte bilete, time etter time, dag etter dag, månad etter månad, år etter år og som mellom anna fortel dei at Europa må redda verda ved å sleppa inn millionar av migrantar som ynskjer seg til eit materielt godt liv i Vesten og som let dei innfødde skattebetalarane taka rekninga. Me er havna i ei verd der den halte må hjelpa den blinde og den blinde den halte, og til slutt den blinde den blinde og den halte den halte. Verda og røyndomen er vortne kulissar arrangert av dei politisk korrekte elitane ut frå kva som er behovet i den aktuelle situasjonen, anten det gjeld klimautslepp (sic), islamittiske migrantar, økonomi, u-hjelp, krig og fred.

Kulissepreget om bord i Hurtigruta vert forsterka av klea turistane går i. Mange ser ut som om dei er på fjelltur, med slaskete turklede og med Fjellræven sekk på ryggen. Eit tysk middelaldrande par ser ut som om dei skal på poltur med Børge Ousland der dei går rundt i vatterte buksar og jakkar som skal verne dei mot kulde opp mot 40 minusgrader. Men at turistane har med seg vinterklede, er på den andre sida ikkje noko merkeleg. Dei har sikkert vore med på turar i vinterlandskapet, for å sjå etter nordlyset eller med på scooter-turar på Vidda. At dei derimot dukkar opp i frukostsalen om bord i dei same kleda og med Fjellræven-sekkane på ryggen, verkar mildt sagt selsomt.

Det går også rundt nokre eksemplar av den nye farstypen i frukostsalen, unge, tynne menn med pistreskjegg, mørke, slaskede klede og med topphuer godt tredd ned over hovudet. Og i armane sine bær dei spebarn som skal veksa opp heilt kjøttfrie med det nye grøne næringslivet som ingen veit kva er, men som Trine Skei Grande nemner i anna kvar setning, der ho spyr ut den grøne retorikken sin, som er meisterstykke i verbal meiningsløyse. Dette er dei nye menneska, dei som skal skape den nye grøne verda utan olje og utan kjøt. Eg tenkjer at ein får leva i vona om at det mangelfulle, vegetariske kosthaldet deira, vil føre til at dei døyr ut, men førebels er det lite som tyder på det.

Eit av de nye farsideala som vandrar rundt i frukostsalen som om han vil syna fram farskapet sitt. Han bær ungen sin med magen liggjande ned, og eg kjem til å tenkja at det i grunnen er fornuftig. Bærer ein småungar slik at dei ligg på ryggen, ser dei berre opp i taket, og det er ikkje det beste utsynet mot verda. Eg ser ikkje noko til mødrene til desse småungane som vert borne rundt. Kan hende fins ikkje mødre til desse borna. Kan det tenkjast at dette er dei første mennene som har fått implantert livmor og er vortne mødre? Pionerar for den nye kvinnefrigjeringa, den nye transseksuelle mannen som både er mann og kvinne og som fyller begge funksjonane til dei to kjønna? Sit eg her og er vitne til den transseksuelle revolusjonen som er så etterlengta av dei som målbær tidas politiske korrektskap? Nei, det er nok ikkje mogleg, tenkjer eg og seier strengt til meg sjølv at eg må slutta å tulla med så alvorlege spørsmål. Desse mennene er nok heller avantgarden til Une Bastholm i MDG, Audun Lysbakken i SV, Trine Skei Grande i Venstre og Bjørnar Moxnes i Raudt, dei som representerar den nye tida, «høgmoralen» og dei nye tankane som skal styra verda. Dei er dei nye verdenssnekkarane uten å vita at dei på eit vis går i fotspora til folk som Adolf Hitler og Josef Stalin, som begge drøymde om det nye, reine mennesket i en rase- og klassefri utopi. Og er det anna å venta at eg sit der og tenkjer at den politiske «venstre-sida» i dag er noko av det mest ekle som den vestlege sivilisasjonen har frambrakt, med si blanding av liberalisme og tanketvang og sterkt innskrenka ytringsfridom. Dei er neppe så farlig som dei to despotane, men har like stor påverkningskraft som dei, og kan hende har dei like store samfunnshistoriske konsekvensar. Nei, gjev meg heller ein skikkelig fascist i staden for Bastholm og Lysbakken. Ein vaskekte fascist veit eg kor eg har, det same kan neppe seiast om dei moderne, politisk korrekte tankedespotane.

Det er ikkje berre dei politisk korrekte, ideosynkratiske menneska som er representert i frukostsalen på Hurtigruta denne morgonen. Ei lita gråhåra gamal dame fra Nord-Noreg kjem stavrande inn saman med det som truleg er sonen hennar, som ser ut til å vera i pensjonsalderen. Ho verkar så skrøpeleg at berre å pusta hardt på ho, kan få ho til å falla i golvet. Dei skal sørover i romjula, til slekt og vener og nok feira det nye året.

-Skal vi sitte her, sier hun til sonen på eit pent og eit svært så normalisert nord-norsk.

-Ja, det kan vi.

-Går det an da? Tenk om plassen er opptatt?, seier ho engstelig til sonen.

-Det ser ikke slik ut.

-Ja da går det vel an da.

Ho høyrer til den generasjonen nordmenn som bar fram heile det moderne Noreg med barneflokkar og med slit og sakn og livsvilkår som for dagens ungdomar berre er historie og knapt nok det. Ho har neppe reist så mange gonger med Hurtigruta, ja, dette er kanskje den første eller ein av dei få gongane ho har lagt ut på ei slik ferd. Engsting og bekymring prega kvinnene i denne generasjonen, og midt i alt slitet låg det under ei vag kjensle av at dei ikkje hadde nokon rettmessig plass i verda. Desse kvinnene levde i konstant uro og engsta seg for det meste, og i dag, i den politisk korrekte tidsalderen, vil det vera fullstendig fåfengt å ropa ut om og etterlysa ein bauta over desse kvinnene som bar fram eit Noreg der kvinnesak skulle verta eit spørsmål om lik representasjon i alle samfunnets organisasjonar, funksjonar og innretninger, og at mennene måtte ta sitt ansvar for borna, ikkje bere å passa dei, men til og med å føda dei. Eg kjenner med eitt at det ikkje er berre sjøgang som kan få ein til å verta kvalm.

Hurtigruta i dag er ein seilas for den europeiske middelklassen som har meldt seg ut av det som går føre seg i samtida, men som samtidig er den viktigste garantisten for at den politiske eliten skal kunne halda fram med den politikken som er i ferd med å ruinera «den gamle verda». Dette er folk som har slutta å tenkje og orientera seg i samtida. I velstanda si let dei verda skura og let seg underhalda av forfattarar som JoJo Moyes og bøker om magikaren Henry Potter for å dekka over den politiske galskapen som dei kan hende anar rår i tida. «Stopp verda, eg vil av», var tittelen på ein musical på 1960-talet. Men verda let seg ikkje stansa, og ein lyt vera med på galskapen om ein vil eller ikkje. «That’s the way it is», som Walter Cronkite avslutta nyhendesendingane med, på CBS i si tid. Sannare kan det ikkje seiast.

Epilog:

Hurtigruteferda i 1980 fekk meg til å skriva ein reportasje som eg sende til reportasjeleiar Ulf Jørgensen i avisa Nordlys. Reportasjen vart illustrert med teikninger av Arnulf Eileirtsen. Det var ein freistnad på å skriva såkalla nyjournalistikk med litterære anslag. Ein god kollega av meg i NRK, Knut Smistad og Tore Skoglund, tok seinare opp ideen. Dei reiste med Hurtigruta og skreiv ei bok om folk dei møtte på vegen, illustrert av den same Eilertsen. Boka vart ein lokal salgssuksess, og selde minst i 10.000 eksemplar, kan henda mykje meir. Ho vart ein slik suksess at store forlag i Oslo ville hyra dei for å følgje opp boka med meir av det same slaget, kanskje på eit meir nasjonalt grunnlag. Men det vart ingen suksess. Formularen var oppbrukt. Det er ikkje alt som kan strekkjast ut i det evinnelege.

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon