- Resett - https://resett.no -

No får Sylvi Listhaug Ap-støtte i Stord

– Eg heiar på deg, Sylvi, sa Arbeiderpartiets Magne Rommetveit (Ap), tidlegare ordførar på Stord frå 1991 til 2007 på folkemøte i industrikommunen.

Verfta står snart tomme for arbeid Det er over ti prosent arbeidsløyse på Stord, Vestlandskommuna i landet med størst del tilsette i olje- og gassnæringa. Det er takka være hjørnesteinsverksemdende Kværner Stord og Leirvik AS.

Nestleiaren i Framstegspartiet og saksordførar for forslaget om endringar i oljeskatteregimet som krisestøtte, Sylvi Listhaug, var denne veka på sjarmoffensiv på vestlandsøya ifølge Klassekampen.
– Det er godt å kome ut der verdiskapinga skjer, og nyttig å få høyre kor viktig saka er for dei det gjeld, seier ho til avisa.

annonse

Les også: Listhaug ut mot grønne toner fra Ap: – Russisk rulett [1]

Næringa tromma saman eit seminar på Stord onsdag for eit titals deltakarar frå næringslivet og politikk, der dei fekk fortalt om situasjonen for politikarane.

«Eg heiar på deg, Sylvi, og våre folk i finanskomiteen,» sa Arbeidarpartiets Rommetveit i sin appell frå talarstolen og lova klar tale overfor eige parti, før han gjekk i gruppemøte.

– Eg er optimist. Eg reknar med at ein prøver å få til ein breiast mogleg avtale, som kan stå seg over tid, seier Rommetveit etterpå og strekar under at det framleis er mykje tid att og det ikkje har vore endeleg behandling i gruppa til Arbeidarpartiet.
Listhaug seier ho trur mange i Ap no er lei.

annonse
[2]

– Eg trur det er mange i Arbeidarpartiet som forstår behovet, men dei kjempar mot ein fløy i partiet som har ein annan agenda og vil leggje ned næringa. Det er tragisk om Arbeidarpartiet sviktar arbeidarane, seier ho.

Tegn abonnement [2] eller støtt oss på andre måter [3] hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474