- Resett - https://resett.no -

Biden: – Landet vil ta fyr, havet vil stiga, om Trump vert gjenvald

Om det vert valsiger for Trump, kjem USA til å stå i full flamme og liggja under vatn, åtvarar Joe Biden.

14. september heldt [1] Demokratanes presidentkandidat Joe Biden tale utanfor Delaware Museum of Natural History. Delaware er Bidens heimstat, der han har tilbrakt det meste av valkampen grunna COVID-19 og svekt kognitiv helse.

Biden nytta store delar av talen til å teikna eit inferno-bilete av USA og samstundes visa omsut for hushalda som er råka, mellom anna etter brannane i California. Nesten ingen naturkatastrofe var unemnd i Bidens tale, som lista opp alt frå skogbrannar, tropisk storm og orkan til hetebølgje, flaum, tørke og stigande havnivå.

annonse

Dermed kan det synast som at Demokratane satsar på skremsle-strategi halvannan månad før presidentvalet 3. november, der Biden skal utfordra sitjande president Donald Trump frå Republikanarane.

Les òg: Trump fosser frem – Demokratene går amok på Twitter: – Trump er slem! Trump kan ikke sykle! [2]

– Som nasjon står me overfor ein av dei vanskelegaste augneblinkane i historia vår, slik eg ser det. Fire historiske kriser samstundes. Den verste pandemien på hundre år, han har alt drepe nær 200.000 personar, og det aukar stadig, sa Biden i innleiinga.

annonse

– Den verste økonomiske krisa sidan Great Depression har kosta titals millionar amerikanske jobbar, og det aukar stadig, måla han med brei pensel.

– Uredd kvit makt som ein ikkje har sett sidan sekstiåra og ei verdsetjing av rase som lever langt på overtid. Og ei unekteleg akselerering av ei beinhard røynd som klimaendringane har på planeten vår, og folket vårt, og liva våre og kor levelege dei er, noko som eg no skal snakka om.

California og Puerto Rico

Seinare fyrte Biden laus mot Donald Trump, og kom med døme der han meiner Donald Trump er vore kjølig mot jamne amerikanarar i laupet av valtida si, stikk i strid med Trumps eiga utsegn om at han er folkets mann.

– Me treng ein president som respekterer vitskapen, som forstår at skaden frå klimaendringane allereie har funne stad. Og om me ikkje snart handlar, vert det heile snart meir katastrofalt. [Me treng] ein president som sannkjenner, forstår og bryr seg om at amerikanarar døyr.

Les òg: Professorer har fått nok: – Vi vil ha Biden som president, Trump gjør ikke som vi sier [3]

annonse

– President Trump mislukkast med å verja oss mot pandemien, mot ein økonomi i fritt fall, mot rase-uro, mot klimaendringanes herjingar. Det er klart at me ikkje er trygge i Donald Trumps USA. Dette er Donald Trumps USA.

Biden nemnde både sommarens skogbrannar i California og orkanen Maria som bles over det amerikanske territoriet Puerto Rico seinhaustes 2017.

– Presidenten har allereie sagt at han vil halda att hjelp til California for å straffa Californias innbyggjarar fordi dei ikkje røysta på han. […] Han seier: «De må rydja golva dykkar. De må rydja skogen dykkar.»

– Dette er samme presidenten som heiv tørkepapir på folket i Puerto Rico i staden for å verkeleg hjelpa dei å komma seg på beina igjen og byrja med gjenoppbyggjing, sa Biden.

Vil ha el-bilsatsing

I tillegg valde Biden å venda seg til store grupper som militære veteranar og tilsette i bilindustrien, som fleire vil påstå er Trumps tradisjonelle veljarbase.

– Me veit at Trump har forakt for våre militære leiarar og veteranar. Berre i fjor rapporterte Forsvarsdepartementet at klimaendringar trugar over to tredelar av installasjonane som er kritiske for militærets operasjonar. Det har militæret åtvara han om. Og dette mun vel vera eit konservativt estimat.

– Vår føderale regjering skal syta for me kjøper elektriske køyrety som er tilverka og levert av fagorganiserte arbeidarar her i Amerikas sameinte statar. Og i alt betyr dette over ein million nye jobber i amerikansk bilindustri, lokka Biden.

Les òg: Biden: – Eg skal stengja ned økonomien og auka skattane. Kvite skal få vaksine sist (+) [4]

– Donald Trumps klimafornekting har kanskje ikkje forårsaka desse skogbrannane, rekord-flaumane og rekord-orkanane, men om han får ein andre presidentperiode, vil desse djevelske hendingane berre halda fram og verta vanlegare, meir øydeleggjande og dødelegare.

– Om du gjev ein klima-brannstiftar fire nye år i Det kvite huset, kvifor skulle nokon vera overraska om meir av USA tek fyr? Om me gjev ein klimafornektar fire nye år i Det kvite huset, kvifor skulle nokon vera overraska om meir av USA hamnar under havnivå, las Biden opp frå manuskriptet sitt.

Etter opplesinga gjekk Biden frå staden utan å svara på spørsmål frå pressa.

annonse

Tegn abonnement [5] eller støtt oss på andre måter [6] hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474