Foto: Jim Watson / AFP / NTB scanpix
annonse
annonse

Joe Biden vonar at ein Corvette 60-modell og ein far som jobba for General Motors skal overtyda dei tilsette i bilindustrien.

– Korleis går det, folkens? Eg heiter Joe Biden. Eg er ein bilmann, og eg har ein Goodwood-grøn Corvette 67-modell. Ein 60-modell, ikkje ein 67-modell. Ein 427-motor. Han går enno så det suser, innleidde Biden sin tale i Detroit 16. oktober.

Og i den legendariske bilbyen Detroit – og medan COVID-19 herjar – laut dette veljarmøtet sjølvsagt skipast som drive-in-rally med veteranbilar, amerikanske flagg og anna som høyrer med i amcar-kulturen. Biden slo an ein folkeleg tone:

annonse

– Folkens, eg kan ikkje seia kor mykje eg set pris på at de er her. Tusen, tusen takk. Detroit, det finst ingen betre, meir eigna stad å halda eit drive-in-rally enn i USAs bilby, sa Biden til dei seks-sju rekkjene med køyrety som var parkert på området.

Føre ei tavle med påskrifta «Motor City for Joe & Kamala» stod Biden og las opp frå ein svær telepromptar snautt tjue meter unna, viser video frå eventen.

annonse

I mange tiår var Detroit eit kraftsentrum i den globale bilindustrien. Produsentane Ford, General Motors og Chrysler – kjende som «The Big Three» – hadde hovudkvartera sine der, og bilentusiastar og bransjefolk frå heile verda valfarta dit.

Men etter finanskrisa i 2008 gjekk det nedover for Detroit. Både GM og Chrysler fekk økonomiske problem, og etter det har bilindustrien lege med brekt rygg. Biden ville difor skapa optimisme hjå fabrikk-tilsette og familiane deira som har sett jobbane sine kverva, løningane gå ned og ikkje minst kriminaliteten verta reint fælsleg.

Les òg: Biden: – Landet vil ta fyr, havet vil stiga, om Trump vert gjenvald

– Eg kjempar for å støtta denne byen, investera i revitaliseringa av Detroits framtid, for eg har alltid hatt trua på Detroit, det er ikkje noko som eg berre seier. Far min var ein bilmann. […] Og eg har alltid hatt trua på Michigan (delstaten som Detroit ligg i, journ.merk.). Me har verdas finaste bilarbeidarar her i Michigan, skraut Biden.

Mintest faren

– Det som står på spel i dette valet minner meg om noko som far min pla seia. Han sa: «Joey, ein jobb er meir enn ein løningsslipp. Det handlar om vørdnaden din. Det handlar om respekt. Det handlar om plassen din i samfunnet. Det å kunna sjå barnet ditt i augo og seia “Det kjem til å gå bra” og meina det.» Det er ein lærdom som eg aldri har gløymt, mimra Biden med hjelp frå telepromptaren.

– I slike omgjevnader vaks eg opp, med hardt arbeid og familiar. […] Kor mange familiar i dag kan sjå borna sine i augo og seia «Det kjem til å gå bra» og meina det? Det er vanskelege tider no. Arbeidsløysa stig på grunn av pandemien. Denne veka åleine søkte ein million, 200.000 fleire folk om dagpengar.

– Dei økonomiske utsiktene for neste år er framleis utrygge, og i Michigan og over heile landet ottast folk om dei greier neste husleige eller låneavdrag eller nedbetalinga på bilen. Dei er uroa for om dei kan eller ikkje kan kjøpa naudsynt medisin som lækjaren har føreskrive eller ha mat å setja fram på bordet, sa Biden.

annonse

Les òg: Biden: – Eg skal stengja ned økonomien og auka skattane. Kvite skal få vaksine sist (+)

Biden kom samstundes med ei skyljebøtte mot president Donald Trump, som han skal utfordra i valet 3. november. Biden er presidentkandidat for Demokratane, medan Trump stiller til attval for Republikanarane.

– Fleire enn 215… eg trur det no er 217.000 daude amerikanarar på grunn av COVID-19. Og ekspertar seier at me kjem til å mista nær 200.000 fleire liv dei neste få månadene, berre av di denne presidenten bryr seg meir om sitt Park Avenue-perspektiv på verda og aksjemarknaden enn han bryr seg om dykk.

Frir til bilfolk

Talen i Detroit var ikkje fyrste gongen Biden drog fram si eiga tilknyting til bilindustrien, herunder at faren var ein bilmann som arbeidde i Pennsylvania og deretter i Delaware.

– Han [miste jobben og] laut flytta nedover til Delaware for å selja General Motors-produkt. Så eg har visst (korleis det er i bransjen, journ.merk.), og delstaten min pla ha den største prosentdelen bilindustri-arbeidarar i nokon delstat i landet, av di me hadde ei lita befolkning og den største General Motors- og største Chrysler-fabrikken utanfor Michigan og Ohio. Eg såg kva som hende då me vart råka veldig hardt. Me har mist båe dei fabrikkane, sa Biden i Ohio 12. oktober.

annonse

Gjennom heile hausten har Biden nærast kurtisert dei tilsette i bilindustrien, som fleire vil påstå er Trumps tradisjonelle veljarbase. Alt tidleg i valkampen lova Biden at bilindustrien skal få ein ny vår om han vert vald til USAs president.

Les òg: Titusener av latinamerikanere deltok i bilparade mot sosialisme og til støtte for Trump

– Vår føderale regjering skal syta for me kjøper elektriske køyrety som er tilverka og levert av fagorganiserte arbeidarar her i Amerikas sameinte statar. Og i alt betyr dette over ein million nye jobber i amerikansk bilindustri, sa Biden 14. september.

Men i motsetnad til Biden-familien får ikkje den jamne bilindustri-arbeidaren millionar av dollar inn på konto frå ukrainske oligarkar og selskap i Kina. Mot slutten av vitjinga i Michigan nekta Biden å svara på spørsmål om sonen Hunter Bidens påståtte muting, før han sette seg om bord i privatflyet sitt.

annonse

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon