- Resett - https://resett.no -

Difor melder Jon Hustad seg ut av statskyrkja

Forfatter og journalist Jon Hustad . Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix

– Den norske kyrkja har vorte ein politisk parti leidd av idiotar som ikkje kan å rekna, ikkje kan å tenkja og trur at ei verd styrt etter deira prinsipp, ville ha vorte ein betre stad å vera.
I eit innlegg på Facebook fortel Dag og Tid-journalist Jon Hustad om kvifor han  ikkje lenger vil stå som medlem av kyrkja (DNK).

Den norske kyrkja har vorte ein politisk parti leidd av idiotar som ikkje kan å rekna, ikkje kan å tenkja og trur at ei verd styrt etter deira prinsipp, ville ha vorte ein betre stad å vera. Nei, verda hadde vore ein forferdeleg stad, skriv han og fortel frå då han i fjor var på «den siste jolegudstenesta» han «nokon gang skal gå på».

– Då snakka presten i Asker om at kor stolt han var over at dei kristne og muslimane på Vestbreidda opprettheldt den eldste kyrkja i verda i fellesskap, trass i okkupasjonen, trass i vondskapen. Han ville sjølvsagt at det skal verta frie val på Vestbreidda etter at Israel har trekt seg ut, eit val som hadde endt som på Gaza. Då hadde sjølvsagt kyrkja vorte fjerna på dagen, på lik line med dei kristne.

– Året før sa ei dame på den same preikestolen at tilhøva i Betlehem no var verre enn då Jesus var fødd, og at byen då som no var okkupert. Som om Syria var okkupert under romarane. Det er så ahistorisk at eg får kreft i sjela. Levealderen då var neppe meir enn 30, no er han nesten 70. Men dei hadde det altså no verre enn under den romerske «okkupasjonen.»

Hustad tippar at dagens prestar ikke har høyrt om to-regimelæra, og om dei har høyrt om den læra, har dei ikkje forstått eitt ord av kva ho innebar og kva Luther meinte.

annonse

–Tenk at dagens prestar og biskopar er dei som forvaltar regimet etter Luther og Paulus. Det er både tragisk og komisk. Men fyrst og fremst er det berre trist. Staten bør ikkje lenger gje ei krone til dette dekadente og stupide trussamfunnet. Ja, dette står på global, så del i veg.

https://www.facebook.com/jon.hustad/posts/10216224641443754 [1]

Setter du pris på Resett?

VIPPS 124526
BANK 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) eller
SMS “Resett fast” (59,- pr. mnd.) til 2474