STOR OG FARLEG? Vladimir Putins talsmann Dmitrij Peskov lyttar medan sjefen sjølv snakkar på storskjerm under ein konferanse 17. desember 2020. Illustrasjonsbilete. Foto: Natalia Kolesnikova / AFP / NTB
annonse
annonse

Har fått nok av «politisk motivert sensur».

Den russiske regjeringa nyttar ingen sosiale medium, korkje amerikanske eller russiske, til offisiell kommunikasjon. Dette stadfeste Kreml under eit møte med pressa 18. februar.

– Kreml har ingen offisielle kontoar på sosiale nettverk som såvorne. Me har ein på Twitter, men det er ingen direkte konto, han speglar berre feeden på nettsida vår, sa Putins talsmann Dmitrij Peskov.

annonse

Peskov la til at Kreml har alle dei informasjonskanalane som dei treng for å kommunisere med russiske borgarar.

Les òg: Moskva opphever corona-restriksjoner: – Det er vår plikt å gjenåpne

Høvet var at ein journalist spurde om korleis Kreml stilte seg til Elon Musks innbyding til president Vladimir Putin om å ha samtale på appen Clubhouse. Til det svarte Peskov at Kreml framleis undersøkjer invitasjonen nærare, skriv telegrambyrået TASS.

annonse

Putin har sjølv sagt seg viljug til å prate med Musk, som er grunnleggjar av el-bilprodusenten Tesla og ein av verdas rikaste menn.

Vladimir Putin har tidlegare gjeve uttrykk for at han er djupt uroa over sensuren til Big Tech, som ikkje berre råkar borgarar i vestlege land, men òg russiske interessar.

I fjor vart fleire russiske TV-kanalar og selskap fjerna frå sosiale medium. Det toppa seg då YouTube nylig sletta ein russisk video som viser tilfelle av brutal politivald i Vest-Europa – eit svar på skuldingane om at russiske demonstrantar blir for røft handsama.

Les òg: Hardhendt politi i Amsterdam da tusenvis protesterte mot corona-nedstenging

På grunn av påstått politisk motivert sensur har Putin oppmoda russiske borgarar og verksemder om å gjera seg mindre avhengige av vestleg Big Tech, det vil seie sosiale medium som YouTube, Facebook og Instagram.

Nyleg kvitta RT.com seg med Twitter, og reklamerer no for sin nye konto på den tilsvarande tenesta Telegram.

annonse

RT.com er eit engelskspråkleg mediekonsern som er ått av ei russisk stifting og som har ein NRK-liknande finansieringsmodell.

I tillegg til å bli mindre avhengige av vestleg Big Tech, arbeider russiske styresmakter no for å straffe sosiale medium som Facebook og YouTube kvar gong dei sensurerer innhald.

Men framleis sit det langt inne å skulle stengje sosiale medium heilt ute frå Russland. Dei sosiale media ville dermed misse ein marknad med snautt 147 millionar personar.

Les òg: Polen planlegger ny lov – vil bøtelegge sensur i sosiale medier

– Å avgrense tilgang, noko som òg omfattar å slakke ned trafikken, blir rekna som eit aller siste forsvar mot den utilslørte diskrimineringa av russiske medium på utanlandske plattformar, seier Anton Gorelkin. Han sit i Russlands Statsduma, og er medlem av komiteen for informasjonspolitikk, teknologi og kommunikasjon.

– Eg har alltid støtt mjuk makt og talt imot nedstengingar, men staten lyt til kvar tid ha kraftfulle alternativ i bakhand for dei grøvste lovbrytarane, held Gorelkin fram.

Eit sosialt medium skal kunne bøteleggjast med opp til tre millionar rublar, vel 344.500 kroner, kvar gong dei uretteleg fjernar innhald.

I Warszawa og Budapest arbeider regjeringane òg med lovverk som skal stogge Big Techs innblanding i politiske og demokratiske prosessar. Ikkje minst er det knebling av «kristne, konservative og høgresidas meiningar» dei vil til livs.

Putin bekymret for ytringsfriheten i Europa og USA – anbefaler å droppe YouTube, Twitter og Facebook

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon