Russlands president Vladimir Putin møter friviljug ungdom i Kreml 4. mars 2021. Foto: Alexey Druzhinin / AFP / NTB
annonse
annonse

Vil ha moralske rettesnorer.

Når ikkje berre skule og arbeid, men sjølv fritida vår finn stad på verdsveven, held det ikkje berre med lover og forskrifter for å styre korleis me fer fram.

Vi lyt òg ta med oss moralen inn i det digitale universet.

annonse

Det meiner Russlands president Vladimir Putin. Utsegna kom torsdag under eit møte som Putin hadde med friviljug ungdom, skriv telegrambyrået TASS.

– Me har alt mange diskusjonar om visse restriksjonar på verdsveven, men verdsveven har alt gjennomhòla kvar ein del av liva våre, og som regel lyt det ikkje berre rette seg etter formelle lover og lovreglar, men òg dei moralske rettesnorene til samfunnet som me lever i, sa Putin, som er tydeleg på kva følgjene kan bli:

– Ellers kjem samfunnet til å øydeleggje seg sjølv frå innsida, åtvara presidenten.

annonse

Som døme viste Putin til to internett-trendar der ungdom blir oppmoda til å hive seg med i ulovlege demonstrasjonar eller ta sjølvmord.

«For nokon» er lokking av barn til ulovlege demonstrasjonar «eit instrument for å oppnå dei sjølvopptekne måla deira, og for alle dei er det ei kjelde til å skaffe seg pengar og inntekt», sa Putin – eit dårleg løynt stikk til Aleksej Navalnyj.

Les òg: Amnesty: Navalnyj «støtter hat»

Førre månaden vart den opposisjonelle aktivisten Navalnyj dømd for å ha brote meldeplikta si for politiet etter at han vart utskriven frå sjukehus i Tyskland. Navalnyj er kjend for å skipe ulovlege gatedemonstrasjonar, oftast med mange unge deltakarar.

No skal aktivisten sone nesten tre år i ein arbeidsleir nordaust i landet.

Om ein ungdom ikkje kan seie eller skjøne kvar han er, kva han gjer, kva dei verkeleg sanne verdiane er, då er det som regel ikkje hans problem. Det er dei vaksne og samfunnet sitt problem, då har me ikkje arbeidd hardt nok, lyder bodskapen frå Putin.

Russisk politi til fjortenåringer: – Gratulerer med dagen! Nå kan du straffes

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon