F.v. Yvonne Fondenes, Karianne Solbrække og Morten Sandøy. Fondenes og Sandøy har ikkje noko med denne saka å gjere. Arkivbilete. Foto: Marit Hommedal / NTB
annonse
annonse

Får skrive nynorsk.

Nettstaden TV 2 er alltid vore eit reindyrka bokmålsmedium – ikkje berre av sedvane, men òg gjennom eit uttalt forbod mot at tilsette kan produsere journalistikk på nynorsk.

Det vart gjenstand for kritikk etter at journalist Karen Anna Kleppe (24) nyleg fortalde avisen Framtida at TV 2 hadde gjeve ho språkleg munnkorg. Dette kjem fram i samband med at avisa har kåra Kleppe til eit av ti såkalla nynorsktalent.

annonse

Kleppe arbeidde i lokalavisene Firda og Kvinnherdingen før ho kom til TV 2s hovudkontor i Bergen. No er Kleppe TV 2s reporter i Troms og Finnmark.

Les òg: Difor melder Jon Hustad seg ut av statskyrkja

Ho skreiv greitt på bokmål, meinte Kleppe sjølv. Men når ho skal fortelje kva som hender i Tromsø, Alta, Kirkenes og andre stader i det vidstrekte fylket, laut det skje på bokmål, gjorde arbeidsgjevaren hennar klårt.

annonse

– Men det er jo ikkje språket mitt. Det blir litt meir formelt, som ei dårleg formulert pressemelding, sa TV 2-journalisten.

Då målnekten kom Norsk Målungdom for øyro, fekk TV 2 kritikk.

– Det at TV 2 har ein så tydeleg politikk på at dei ikkje slepp til nynorsken syner at dei ikkje ynskjer å vere eit medium for heile landet, meinte målungdomens leiar Gunnhild Skjold, og heldt fram:

– Det er rett og rimeleg at ein del av artiklane skal vere på nynorsk, kravde Skjold. Ho fekk støtte frå leiar Inger Johanne Ruset i Kringkastingsringen.

– Departementet må tore å vere krassare og stille strengare krav til TV 2, for at dei skal få dei 135 millionane i året, sette Ruset i.

No gjer TV 2 kuvending i saka.

Til Framtida opplyser nyheitsredaktør Karianne Solbrække at leiargruppa i TV 2 har vedteke fritt val av målform. Det vil seie at kvar journalist frå no av har høve til å nytte bokmål eller nynorsk etter eige ynske.

– Dette er ikkje noko kontroversielt, og alle er samde om at det er det rette å gjere, fortel Solbrække.

annonse

Nyheitsredaktøren meiner at tida no var mogen for nynorsk, og viser til at TV 2 som nettstad «veks og blir stadig viktigare for fleire».

Les òg: Putin til ungdomen: – Internett kan øydeleggje samfunnet

TV 2-journalist Karen Anna Kleppe er nøgd med det som ho høyrer.

– I dag er eg litt ekstra glad i arbeidsgjevaren min, dette var ei veldig gledeleg nyheit. I og med at TV 2 var banebrytande då dei tillet dialekt på TV, så skal jo dette berre mangle. Betre seint enn aldri, seier Kleppe.

Her i Resett har me lenge skrive einskildsaker på nynorsk, særleg når me refererer frå ei kjelde på nynorsk eller andre omstende gjer det naturleg.

– Høgres utkast til program er vagt, barnleg og til dels meiningslaust

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon