Aleksej Navalny. Arkivbilete. Foto: Shamil Zhumatov / Reuters / NTB
annonse
annonse

Kjenslelaus i bein og hender.

Laurdag heiter det frå telegrambyråa AFP og NTB at den russiske aktivisten Aleksej Navalnyj skal vera i livsfare.

Det er Navalnyjs lækjar Anastasia Vasiljeva som kjem med den alarmerande meldinga på sin Facebook-profil.

annonse

– Vår pasient kan døy kvar augneblunk, åtvarar Vasiljeva.

Vasiljeva meiner at Navalnyj har så høge kaliumverdiar i blodet at han «når som helst» kan få hjarteåtak.

No krev ho intensivhandsaming av Navalnyj, som tidlegare har klaga over bortdovna bein og hender og smerter i ryggen. Nyleg gjekk 44-åringen ut i sveltestreik i protest mot tilhøva i fengselet.

annonse

Navanlyj sit i ein arbeidsleir i Pokrov, snautt 100 kilometer aust for Moskva. Miljøet der reknast som barskt.

Der sonar han ein fengselsdom på 2,5 år for svindel og kvitvasking.

I august 2020 vart Navalnyj alvorleg sjuk på eit fly frå Sibir til Moskva. Nokre dagar seinare vart Navalnyj overført til Charité-sjukehuset i Berlin med mistenkt forgifting.

Russiske styresmakter meiner at Navalnyj har brote meldeplikta for politiet etter at han vart verande i Tyskland fleire månader etter å vera vorten utskriven der.

Difor kravde kriminalomsuten at ein vilkårsdom som Navalnyj hadde frå 2014 laut gjerast om til reell fengselsstraff. Det fekk dei medhald i hjå byretten i Moskva.

Amnesty: Navalnyj «støtter hat»

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon