Jordkloden. (Foto av M. KORNMESSER / ESA/Hubble / AFP)
annonse
annonse

Vi må tenkje på våre barn og barnebarn seier klimaktivistane, og gjev med det inntrykk av å vera svært så framsynte.

Men det er eit alt for kort tidsperspektiv. Eg har ættetavle tusen år tilbake i tid. Det er 33 generasjonar. Det er berre 11 slike besteforeldre – barnebarn intervall. Det er ikkje lang tid. Om elleve nye slike intervall er vi 1000 år fram i tid, og då er vi nok godt på veg inn i den neste kuldeperioden med tiltakande nedising av kloden. Det er det som blir den store klimakrisa. Det ser ikkje ut til at klimaforskarane og -aktivistane har sett det.

Arkivfoto: Berit Roald / NTB scanpix

Ragnarok er endetida i norrøn mytologi. Det blir voldsom ufred og krigar. Gudane går under på dramatisk vis. Så kjem fimbulvinteren der jorda frys til botnar og alt liv går til grunne. Men etter lang tid tek fimbulvinteren slutt, isen vil dra seg tilbake, og det veks fram nytt liv. Dei nye menneskja vil få gode liv.

annonse

I lang tid har klimaet i nord veksla mellom fimbulvintrar og varmeperiodar, og slik vil det også bli så langt vi kan sjå inn i framtida.  Den norrøne mytologien gjev ei så god framstilling av klimasvingingane i nord at det er freistande å tru at det ikkje er tilfeldig. Det kan godt vera eit minne frå den siste fimbulvinteren.

Les også: Glimrende, Bellona! Hilsen Klimarealistene

Det virkar som mange trur at den varmeperioden vi er inne i no er det normale, og at slik vil det vera i all framtid om ikkje menneskja øydelegg det. Men slik er det ikkje. Det normale er til dels dramatiske svingingar i klimaet. Gjennom lang tid har klimaet veksla mellom fimbulvintrar som har vart ca 100 000 år og varmeperiodar på 8 til 12 000 år. Nyleg kom det data som tyder på at for 400 000 år sidan var Grønland isfritt.

annonse

Under den førre varmeperioden for vel 100 000 år sidan var polhavet isfritt, og isbjørnen greidde seg. Menneskja har ikkje hatt noko med det å gjera. Den varmeperioden vi er inne i no har vart omkring 11 000 år. Altså kan den neste kuldeperioden slå inn når som helst. Det kan godt hende at når den yngste generasjonen i dag får barnebarn er kloden på veg inn i den neste kuldeperioden.

Klimaforskarane teiknar eit dramatisk bilete av konsekvensane av vidare oppvarming. Det vil bli ørkenspreiding med matmangel og store folkevandringar mot nord som resultat. Men den påstanden byggjer på eit vilkår som aldri blir nevnt. Og det vilkåret at ingen gjer noko med saka. Det bønder gjer når det er utsikt til langvarig turke er å byggje vatningsanlegg. Då blir ikkje resultatet ørken, men tvert i mot grøderikt jordbruksland.

Det finnst rikeleg med døme på oppdyrking av ørken med svært godt resultat. Nyleg var det ei reportasje i NRK om treplanting i Sahara. Det var planta eit belte av tre tvers over heile sørsida. Trea treivst, men også annan vegetasjon fekk betre vilkår fordi trea hjelpte til  med å halde på væte i jorda. Det er godt mogeleg å motarbeide ørkenspreiding.

Konsekvensane av vidare oppvarming er små samanlikna med den komande nedkjølinga. Under den vesle istida fall temperaturen i Europa med berre ein halv til ein grad, men det medførde likevel stor hungersnaud og millionar av dødsfall. I fjøllbygdane opplevde folk ei tid dei kalla hard-æva. Då hende det at det ikkje spratt lauv på trea om sommaren, og det hende at dei fann daude folk liggjande ute på marka med gras i munnen. Under den komande kuldeperioden vil temperaturen falle langt meir enn som så.

Stadig større område vil bli dekte av is, og med tida vil Noreg på nytt liggje under kilometertykk is. Havnivået kan falle med 120 meter. Alt det vi har bygd opp og brukt store resursar på å verne vil bli knust til støv, og når isen på nytt dreg seg tilbake vil det vera umogeleg å sjå at det nokonsinne fanst menneskje på den vesle delen av kloden som ein gong heitte Noreg.

Les også: Er det i FrPs interesse å brunbeise ungdommer som er bekymret for klimaet?

annonse

Fimbulvinteren vil koma, og han vil fara hardt med den nordlege halvkula. Under den siste fimbulvinteren var det  meste av Europa, stort sett alt det som i dag heiter Russland, sentral-asia og Kina og storparten av nordamerika dekt av anten is, ørken eller tundra. Slik vil det på nytt bli når fimbulvinteren kjem. Kvar skal alle menneskja gjera av seg? Milliardar av menneskje må leggje på vandring mot sør. Folkevandringar mot nord på grunn av oppvarming blir som 17-mai tog i samanlikning.

Om politikarar og klimaforskarar lukkast med å avgrense temperaturstigninga til 2 grader, vil fimbulvinteren ikkje vera langt unna. Når meinar forskarane at temperaturfallet vil koma? Dersom klimamodellane er brukelege må dei gje svar på det. Kva tiltak meinar klimaforskarane og politikarane at må setjast i verk for at menneska skal koma seg gjennom den neste fimbulvinteren på skapeleg vis? Eit «tiltak» er å ikkje prøve å stoppe den globale oppvarminga.

Dersom det er slik at aukande CO2 i atmosfæra fører til aukande temperatur vil det beste vera å la CO2- konsentrasjonen stige vidare. Ei temperaturstiging på nokre få grader kan kanskje gjera verknadane av den neste fimbulvinteren litt mindre dramatisk. Men dramatisk blir det nok likevel.

Menneskja vil i all framtid oppleve store svingingar i klimaet med store folkevandringar som resultat. Det er umogeleg å motarbeide det. Isen vil auke og minke og havnivået vil gå opp og ned. Menneskja må berre innrette seg etter det.

Det er lita hjelp i å «redde» kloden frå oppvarming når det snart kjem ei nedkjøling som vil vera langt meir dramatisk. Det klimaforskarane og politikarane må konsentrere seg om er den fimbulvinteren som snart kjem.

Klimakrisen er nær, sies det. Om så, har vi beredskap?

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon