EIN KLEM ER LOV: Men er du gift og har seks elskarinner på si, er du ikkje velkomen i Senterpartiet. Biletet viser parlamentarisk leiar Marit Arnstad og partileiar Trygve Slagsvold Vedum under partiets landsstyremøte på Gardermoen 29. oktober 2021. Korgje Arnstad eller Vedum har noko med utruskapen å gjera. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
annonse
annonse

Vart fråteken medlemskapen i Senterpartiet.

Han var ein gift mann og lokalpolitikar for Senterpartiet ein stad på Vestlandet. Frå utsida kunne mannen sjå ut til å ha eit heilt alminneleg liv.

Men bak gardina – eller rettare sagt under sengeteppet – hadde mannen ein løyndom. Han hadde nemleg teke til seg seks elskarinner.

annonse

Den uvanlege innretninga fungerte bra – fram til dei seks kvinnene fann ut om kvarandre. Då vart ømme ord og elskhug bytt ut med forsmådde kjensler og hemn.

– Eg skal knusa deg, skreiv ei av kvinnene på SMS til mannen.

Og hemna kom som lova. Fleire kvinner frå mannens tidlegare «harem» gjekk saman om å senda eit såkalla varsel til heile kommunestyret der mannen sjølv sit.

annonse

– Varselet vart òg sendt ut til rundt 700 av venene mine på Facebook, seier mannen til lokalavisa Firda, og legg til at han var den siste som fekk vita om det.

Mannen peiker på at kvinnene er fullvaksne og at alt var friviljug, utan tvang eller vald. Han medgjev likevel at han laug for kvinnene og at dei har grunn til å kjenna seg vonsvikne.

Les òg: Ap-topp skriver metoo-roman

Er det likevel naudsynt, og er det varsel eller hemn, når ei sak som denne massedistribuerest til heile kommunestyret og 700 Facebook-kontaktar?

– Dette er reine hemnkampanjen, meiner mannen sjølv.

Det er advokat Birthe Maria Eriksen samd i. Ho har teke doktorgrad med ei avhandling om varsling, og vurderer at saka laut ha halde seg i privatsfæren.

– Eg synest ikkje det høyrer nokon stad heime å bruka omgrepet «varslar» om dei seks kvinnene.

– Varsling er eit omgrep som handlar om at tilsette seier ifrå om kritikkverdige forhold internt på arbeidsplassar, meiner Eriksen.

annonse

Etter at den pikante saka vart kjend, vart mannen ekskludert frå Senterpartiet for påstått brot på partiets etiske retningsliner.

Det har ikkje lukkast Firda å få svar frå Senterpartiets generalsekretær Knut M. Olsen om kva paragraf mannen skal ha brote.

Strid om doktoravhandling: Drapsdømt forsket på sin egen forbrytelse – får full støtte fra professorene (+)

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon