VIKTIG FOR SAMANE: Denne runebomma vart konfiskert under trollsdomsprosessane i 1690-åra og teken til København. I 2021, snautt 330 år seinare, vende det kulturhistoriske klenodiet attende til Sápmi. Foto: Terje Bendiksby / NTB
annonse
annonse

I generasjonar har norske skuleelevar klaga over nynorsk sidemål.

Keisamt. Gammaldags. Får ikkje bruk for det. Grunnane har vore mange for å sleppa unna nynorsk, språket som Ivar Aasen laga for kring 170 år sidan.

Men ville elevane heller ha valt samisk om dei kunne? Ja, tyder ei rundspørjing på som NRK har utført blant studentar ved Nord universitet i Bodø.

annonse

Nordlandskommunen Bodø er eit såkalla samisk språkområde. Elevane der og elles i landet kan i dag velja samisk som framandspråk.

Men det kjem i tillegg til det obligatoriske vgs-pensumet.

Dimed vert elevar «straffa» med både nynorsk og samisk om dei ønskjer å læra seg språket til Noregs urfolk. Ikkje anten–eller, men både–òg.

annonse

– Eg trur det hadde vore litt kulare å kunna samisk. Nynorsk er litt keisamt, seier studenten og bodøværingen Henrik (22) til NRK.

Det vil Sametinget gjerne gjeva han. Dessutan meiner dei at skular i samiske språkområde skal kunne gjera samisk obligatorisk.

– Det er ein god tanke at alle skal kunne læra seg samisk, seier sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen.

Men Kunnskapsdepartementet set førebels foten ned, og meiner at nynorsk og samisk ikkje kan sidestillast som skulefag.

Nynorsk er ein del av norskfaget, ikkje eit sjølvstendig fag, forklarer statssekretær Kristina Torbergsen (Ap).

Det er med andre ord samiskfaget og norskfaget som kan sidestillast, ikkje samiskfaget og nynorsk sidemål.

Forskarar vil ha fleirspråklege klasserom: – Ein ressurs (+)

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon