ETTERFORSKAR: Svensk-chilenske Zaida Catalán arbeidde på vegner av FN då ho og to andre vart bortførte og drepne i Kongo i 2017. Dette biletet er frå 2009. Foto: Bertil Ericson / TT / AFP / NTB
annonse
annonse

Ein omfattande rettsprosess går no mot slutten i DR Kongo.

Saka skriv seg frå 2017, då den svenske FN-eksperten Zaida Catalán var i Kongo for å etterforske brot på menneskerettane i provinsen Kasaï-Central.

Saman med kollegaen Michael Sharp frå USA og deira lokale medhjelpar Betu Shintela vart Catalán bortført og drepen.

annonse

Ein trur at militsen Kamuina Nsapu stod bak ugjerninga.

Les òg: Realist: – Sverige og Tyskland er ansvarlige for det voldsomme migrasjonspresset på Europa (+)

I alt vart 54 personar stilt for retten. Påtalemakta i landet har nedlagt påstand om dødsstraff for 51 av dei tiltalte.

annonse

No er oberst Jean de Dieu Mambweni dømd til ti års fengsel med innlagt straffarbeid. Han vart ikkje funnen skuldig i medverknad til drapa, men mellom anna for tenesteforsøming gjennom å ikkje ha hjelpt folk i fare.

Ein politisjef og ein journalist vart på si side frikjende. Dei andre domane ventast å vere klare om ikkje lenge.

Det er svenske medium som skriv dette, gjengjeve av NTB.

Seinare laurdag kveld melder NTB at de 51 siste tiltalte no er dømde til døden. Fleire av desse fekk domen in absentia.

Sjølv om drapssaker gjerne ender med dødsstraff i Kongo, blir straffene oftast omgjorde til livsvarig fengsel, skriv NTB.

Ringte etter drapsforsøk på Holmlia: – Kan du komme og kjøre meg, jeg har gætta noen (+)

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon