PARLAMENTET: Søndag skal Portugal velje representantar til landets nasjonalforsamling. På dette biletet frå 27. oktober 2021 ser me dei folkevalde røyste over statsbudsjettet for 2022. Foto: Patricia de Melo Moreira / AFP / NTB
annonse

I dag vel Portugal nye medlemer til nasjonalforsamlinga.

Det er 230 sete i nasjonalforsamlinga Assembleia da República, òg kjend som Parlamento. 116 sete krevst for fleirtal.

Neste val skulle ha funne stad i 2023. Men etter at regjeringas forslag til statsbudsjett for 2022 vart avvist i parlamentet 27. oktober 2021 skreiv Portugals president Marcelo Rebelo de Sousa ut nyval.

annonse

Valet står i røynda mellom Partido Socialista (PS) og Partido Social Democrata (PSD). NTB skriv at PSD, trass namnet, er eit «sentrum-høgre-parti».

Les òg: Fornøyd med mediene på årets valgdag – unngikk bøter (+)

PS og PSD har i fleire tiår dominert politikken i Portugal. Meiningsmålingane tyder på at dei to partia er jamnstore og at dagens valg ender med ei mindretalsregjering.

annonse

Eit tjuetals parti stiller, herunder Monarkistisk Folkeparti, Nasjonaldemokratisk Alternativ, Liberalt Initiativ, «Reagér, Inkludér, Gjenvinn» og Økologipartiet Dei Grøne.

Føler seg trakassert av PST 22. juli – klager til EOS-uvalget som siste utvei (+)

Setter du pris på Resett?

VIPPS 124526
BANK 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) eller
SMS “Resett fast” (59,- pr. mnd.) til 2474

annonse