NY-ÅLESUND, SVALBARD 20080626: Luftforskningssenteret på Zeppelin-fjellet i Ny-Ålesund på Svalbard. Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX / POOL

Eg helsa i utgangspunktet Resett velkomen. Det trengst fleire debattorgan med ei anna tilnærming til dei viktigaste spørsmåla enn den vi finn innanfor mainstream. Ifølgje redaktøren er det grenser for kva eksperiment vi kan tillata oss utan å koma i samfunnsmessige vanskar. Nett difor er det skuffande at konservatismen og realismen til Lurås ser ut til å vera heilt fråverande på det området der han er aller viktigast og aller mest relevant i vår tid: tålegrensene til naturen.

Når Resett for første gong tek opp miljø, er det dei mest banale åtak på klimavitskapen som får spalteplass. Klimaforskinga er eit av dei støaste felt innanfor naturvitskapane både teoretisk og empirisk. At aukande konsentrasjon av drivhusgassar i atmosfæren fører med seg global oppvarming, vart prova så tidleg som i 1896. Likevel let Resett folk som nektar å ta dette inn over seg, få posera som djerve sanningssøkarar.

Eg kunne ha skrive klimaskepsisen i Resett på kontoen for byrjartabbar, om ikkje redaktøren sjølv hadde avslørt seg: I hans kommentarar har udokumenterte skuldingar mot klimaforskinga og klagar over kor stort rom klimaordskiftet har fått, påfallande stor plass. I ein av desse får Lurås seg til å skriva at norske skuleborn har så stort engasjement i klimasaka avdi dei vert utsette for venstreorientert indoktrinering av lærarane sine!

Avvisinga av klimavitskapen i Resett og andre stader er symptom på eit ålvorleg kulturelt problem: uviljen mot å akseptera legitim og naudsynt autoritet. Dette kunne i seg sjølv ha vore eit aktuelt tema for eit organ med ein konservativ og realistisk profil. Når det stikk motsette er tilfelle, er det grunn til å spørja om ikkje konservatismen berre er tunn glasur over libertariansk motstand mot grenser, sjølvtukt og nøktern livsstil.

 

Reklame

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Alvorlige personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]