Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

I kronikken Jødehatets grunnsteiner spør Bjørn A. Jenssen kva som utløyste Martin Luthers utfall mot jødane. Kva var det som vekte til live reformatorens raseri? Vel – det veit vi. Martin Luther brukte tid på å setja seg inn i den konkurrerande religionen. Men han hadde ingen reidskapar for å handtera det han fann. Han var sjokkskadd av blasfemiane, det rituelle hatet, arrogansen. Og betalte tilbake tilbake i same valuta. Tango finst i mange variantar – frå Finland til Argentina. Men sams for alle variantar av dansen at du må vera to for å dansa tango.

Og slik er det ofte med hat. I denne litt mindre enn perfekte verda er gjensidig hat mellom to fiendtlege grupper heilt alminneleg. Og det kristne hatet hatet mot jødar, som ein finn i mange former opp gjennom historia, har sitt symmetriske svar i det jødiske hatet mot Kristus og kristendom. I Talmud er Kristus ein av tre erkesyndarar som er dømt til evig straff i helvete. På hebraisk er det vanlegaste namnet på Jesus «Jeshu», «Må namnet hans døy». Når fortidas ortodokse jøde gjekk forbi ei kyrkje, skulle han i følgje mi «handbok», Kizur Shulchon Oruch, seia fram ei forbanning der han ba Gud riva huset til dei stolte. Krossen, som for kristne er eit symbol på frelsa, er for ortodoks jødedom ein styggedom. Ein jøde som såg ein kross plikta å spytta tre gongar. Mellom anna difor er det internasjonale + – teiknet i israelske lærebøker i matematikk erstatta med eit teikn som ser ut som ein omvendt T.

Vanlegvis var denne verda av rituelt hat løynt av ein smilande fasade. Det Luther gjorde var å sjå bakom fasaden – og det som møtte han gjorde Luther forskrekka. Det var ein mann rysta djupt inn i sjela som skreiv «Om jødene og deres løgner». Han hadde ikkje moderne menneskes arsenal av distanse, sosiologi, filosofi, antropologi og symbolforståing til å handtera det han hadde møtt.

Dei fleste jødar opp gjennom tida valde å leva i den kristne verda. Og hat og forfølgjing er berre ei side av denne historia. Jødar har utgjort ei positiv kraft i europeisk historie, og i lange periodar har dette ikkje handla om forfølgjing og destruktive mønster. Etter at moderniteten inntok den jødiske ghettoen har jødar ofte vore avantgarde i europeisk kultur. Den som vil forstå desse tinga må ha auga både for «retta og vranga i livsens vev», som Aasmund O. Vinje kalla det.

Bjørn A Jenssen hevdar at jødehatet i Europa i dag er på frammarsj. Det er ei sanning med modifikasjonar. Dagens europeiske jødar er ikkje den marginale utgruppa dei var etter at borgarrettane – emansipasjonen – tok grunnlaget bort frå middelalderens ghettoeksistens. Europeiske jødar er i hovudsak ei velintegrert og ressurssterk gruppe, og det finst ingen som utfordrar deira plass i det europeiske samfunnet.

Men samstundes blir all kritikk og all problematisering av jødane si rolle i vestlege samfunn sortert som «hat» – uavhengig av om kritikarane ønskjer å undergrava eller forsvara jødane si plass i debatten. Berre for å vera sikker blir likt og ulikt slått saman i ein svær sekkekategori – «hat» – som blir forvist frå alminneleg samfunnsdebatt.

Det er ikkje heilt ufårleg. Særleg når det gjeld emne som mobiliserer sterke kjensler er motforestillingar og sakleg argumentasjon viktig. Då Vatikanet i tidlegare tider skulle kåra nye helgenar, kunne ogso djevelens advokat ta ordet. Det er ein vettug skikk som ein bør kosta på seg når debattemaet er av det slaget der semja blant dei rettruande er over 100%.

For jødar er akkurat like jordiske og feilbarlege som oss andre. Det var urimeleg å gjera dei til representantar for det vonde, for ei stor samansverjing mot det kristne samfunnet. Men er det rimeleg å tru at jødisk innverknad alltid er positiv, og kritikk alltid av det vonde?

Amerikanske jødar har i løpet av det siste hundreåret skaffa seg stor innverknad over amerikansk politikk i Midtausten. Den innverknaden lobbyen har over offentleg debatt og i kongressen er på mange måtar unik. Dette handlar om makt. Men med makt følgjer ansvar.

Den konservative skribenten Joseph Sobran kommenterte jødane si rolle i amerikansk ordskifte slik: «Du må berre skriva om oss som passive og makteslause. Som ein historisk undertrykt minoritet som sloss for å halda oppe var eldgamle identitet i ei verd der alle odds er mot oss. Stakkars, hjelpelause oss, stakkars forfølgde og kringsette oss. Om ikkje – kjem vi til å slå deg i bitar.»

Sobran mista inntektene sine som skribent, og vart forvist til det ytterste mørket i amerikansk debatt berre for å nemna dette. Er det eit teikn på eit sunt klima der meiningar kan brytast?

Ein annan konservativ, amerikansk journalist, Phillip Giraldi, tok nyleg opp same tema. Og då spesielt den rolla den jødiske lobbyen har spela når det gjeld å vera pådrivar for krig dei siste tiåra – i Irak, i Libya, i Syria. Ex-CIA-mannen Giraldi er ikkje nokon konspirasjonsteoretikar, og argumenterer nøkternt for sitt syn. Blir han møtt av motargument? Nei, han blir møtt med moralsk panikk, og sett på porten etter femten år som velrenomert kommentator i «The American Conservative».

Giraldi sit like lite som oss andre på nokon fasit. Men det er heller ingenting som tyder på at vi blir klokare av å la rullegardina gå ned automatisk. Krig og fred er viktige spørsmål, og argument og perspektiv fortener å bli vurdert før dei blir forkasta. Vi treng ikkje gje frislepp til alt og alle. Men vi kan i det minste vera like liberale som Vatikanet i gamle dagar, og gje djevelens advokat rett til å ta ordet når han meiner han har viktige saksopplysningar.