Utøya, Hole 20111003. Journalist Kjetil Stormark skal skrive bok om Utøya. Mandag var sammen med resten av pressekorpset på øya. Utøya ble mandag åpnet for pressen etter terrorangrepet den 22. juli. Foto: Terje Bendiksby / Scanpix
annonse
annonse

Det er bloggen til nettkrigaren Kjetil Stormark som får kritikk av sjefen for Etterretningstenesta, Morten Haga Lunde.

Oslo: – Det er ikkje ofte eg les ei sak i norske medier som har så mange feil i seg som saka frå Aldrimer.no med tittelen «Russland trente på invasjon av Svalbard», seier generalløytnant Lunde.

Han held fram:

annonse

– For det første har Etterretningstenesta særs god oversikt og situasjonsforståing i våre nærområde, og spesielt god situasjonsforsting før og under denne øvinga (Zapad-2017, journ. anm.), seier han.

– For det andre vert denne formidla løpande til våre oppdragsgjevarar – militære og politisk leiing. Deling med NATO og allierte partnarar er standardprosedyre, og vi har fått gode attendemeldingar på denne rapporteringa.

– Lat meg ta hovudelementet i det som vert framført frå Aldrimer.no. Eit russisk simulert angrep på Svalbard: Det var ingen slik aktivitet. Når dette er sagt, fell mykje av det øvrige i saka vekk fortel Lunde.

Spreier konspirasjonsteoriar

annonse

Det er ikkje første gang Stormark spreier konspirasjonsteoriar. På bloggen sin pumpar han jevnt og trutt ut desinformasjon om Russland.

Ein av desse er om «ubåt i Dalsfjorden», der han nytta seg av tvilsame kjelder som trollfabrikken «Bellingcat».

Forsvaret har fleire gangar måtte avkrefte påstandane. Det måtte det også i dag.

Pressekontakt for Forsvaret, Per Thomas Bø, seier til Resett.no at dei er veldig klar på at artikkelen «Russland trente på invasjon av Svalbard» er feil.

– Sjefen for Etterretningstenesta har i dag gått ut og dimittert artikkelen seier Bø.

annonse

Stormark vart i april 2016 kritisert av SKUP-leiar Jan Gunnar Furuly, og då skulda for å driva ei avansert form for «content marketing». Stormark på si side hevda då han dreiv «uavhengig journalistikk» etter Redaktør-, Tekstreklame- og Vær varsam-plakaten.

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon