Illustrasjonsbilde. FOTO: SCANPIX
annonse
annonse

Mange har sikkert høyrt om kjønnsubalansen i Kina og andre land og kva utfordringar dette medfører for samfunnet. I følge professor Valerie M. Hudson får man eit mindre stabilt samfunn viss man får for mange gutar i forhold til jenter. Ho seier at når ein skal vurdera kor mange immigrantar eit land skal ta imot så må ein og diskutera kjønnsbalansen.

Ho stiller spørsmålet: Kvifor risikerer Europa stabiliteten og likestillinga dei har kjempa så hardt for? Professoren seier at mange studiar viser at ubalanse mellom kjønna korrelerer ganske nøyaktig med auke i vald og kriminalitet. Frå meir ubalanse mellom kjønna til meir kriminalitet. Sverige er vel diverre eit eksempel på dette.

Ho seier vidare at ubalanse mellom kjønna har og ein klar negativ effekt for kvinner då det både blir ein auke i valdtekter og kvinners anledning til å bevega seg fritt blir redusert. Det blir dessverre her og naturleg å tenkja på Sverige. Professor Barbara Miller har uttalt at ein normal kjønnsbalanse er eit offentleg gode og derfor burde væra beskytta av staten.

annonse

I slutten av 2015, når Canada såg at dei hadde fått ein skeiv kjønnsbalanse, så stoppa dei å mota einslege menn. Frå 2016 så tok dei berre mot kvinner og familiar. Viss ein ser på SSB tabell 07459 så ser ein at i 1987 så var det 17420 fleire gutar enn jenter i aldersgruppa 15 til 25 år. Viss ein går til året 2017 så er det 24471 fleire gutar enn jenter i denne aldersgruppa. Me ser at sia 1987 har det blitt 2,7% fleire personar mellom 15 og 25år, mens overskotet av menn har auka med 40%.

Sjølv om Norge ikkje har like graverande tal som Sverige og Kina, så har me ein veksande kjønnsubalanse. Dette burde vore tema i valkampen og det burde væra ein del av diskusjonen i forbindelse med oktoberbarna. Statistisk sett så har me no eit overskot av menn og bør derfor berre ta imot kvinner og familiar.

 

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon