Løvebakken med Stortinget. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Eg har lenge meint at Europa, og spesielt Noreg, er alt for dominert av Dei amerikanske sambandsstatane. Tilhøvet mellom Washington og Oslo er ikkje så ulikt tilhøvet mellom ein storgard og ein husmannsplass på 1800-talet.

Slik stoda no er har vi ein klovn i den kvite stova i Washington, medan Russland har ein president som syner at han tenkjer langsiktig og ofte fornuftig. Jauda, han er autoritær, men ingen vil vel påstå at Russland kan styrast som eit skandinavisk sosialdemokrati. Washington har bestemt at overtakinga av Krim-halvøya var kriminell, men at det var rett å skilja Kosovo frå Sebia. Dei burde bytta namn til “Dei hyklerske sambandsstatane”.

Det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida, men eg vil likevel våga den spådomen at når dei relevante dokumenta ein gong i framtida vert avgraderte vil det syna seg at Washington hadde planar om ein NATO-base i Sevastopol. Om den Russiske presidenten ikkje hadde forhindra det ville han ikkje ha gjort jobben sin. Eg trur ikkje Europa har noko å frykta frå Russland. Tvert imot, Europa treng Russland, både økonomisk og for å skapa avspenning i Europa.

Problemet, slik eg ser det, er USA, som legg vinn på å skapa splid og usemje mellom Russland og Europa. Eg trur ikkje det er direkte russisk militærmakt dei fryktar i Washington. Det er vel meir truleg at det er eit ynskje om å svekka russisk økonomi, og å hindra at Washington misser det økonomiske taket på Europa.

Kvifor er Noreg og Europa så nøgd med å verta styrt frå Wahington? Dette er eit spørsmål som burde vekka interesse, men som ikkje tykkjest å gjer å det.

Annonser

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Alvorlige personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]