Logo of the Twitter and Facebook are seen through magnifier on display in this illustration taken in Sarajevo, Bosnia and Herzegovina, December 16, 2015. Broker's survey shows Twitter losing share to faster growing competitors such as Facebook's Instagram and Snapchat, despite co's multiple product and partnership launches this year, analysts write in note. REUTERS/Dado Ruvic

Du må ikkje ha avvikande meiningar! Særleg må du ikkje seia meininga di høgt så nokon høyrer det. Og for all del må du ikkje setja på prent kva du meiner. Kjem du ut for dei rette motkreftene, kan det ende i fordøming, sosial utfrysing, tap av arbeid og stilling, i verste fall bot og fengsel.

Dei som har makta i samfunnsordskiftet – dei som har dominerande media og rette paragrafen på si side – vil ha minst mogleg strid om sine posisjonar og interesser. Dei vil ha konsensus og fred rundt si karriere og sin komfort.

Den 1. januar i år kom det ei ny lov i Tyskland mot såkalla «netthets». Sosiale media skal sensurerast. Lova gjev dei politiske styresmaktene høve til å krevja at Facebook, Twitter og Youtube m.fl. skal slette innlegg som er «fornærmande» og «rettsstridige».

Kva hender då? Skal domstolane stige til sides, og la oppgåvene med vurdering av ytringar bli overlatne til kontoristar i store, private medieselskap? Dersom nokon på subjektivt grunnlag føler at dei vert krenka, så er dei det?

Denne tendensen til å skrive, prate, meine og gå i takt – vera politisk korrekt – har for lengst i gang i vårt eige land. Du skal versågod tute med det offisielle fleirtalet, og gjer du ikkje det, kvalifiserer du til å bli stempla både som det eine og det andre.

I norsk progressiv samfunnsdebatt myldrar det av paradoks og sjølvmotseiingar: Ein skal vera mot kristendom og kyrkje (men for kvinnelege biskopar); ha meir statsstøtte for å berge ei differensiert presse (men ta bort støtta til dei avisene ein sjølv ikkje likar); auke statsstøtta til alt slag venstreorienterte opplysnings- og lobbyorganisasjonar (men ta livet av dei som måtte vera innvandrings- og islamkritiske); seia ja til sal av sex, men nei til kjøp; ja til eit samfunn med større kjøpekraft, høgare forbruk og fleire flyreiser heime og ute (men samtidig krav om mindre utslepp av CO 2); mot våpen- og våpenbruk rundt i verda (men for større norsk våpeneksport); jubel for all demokratiutvikling (men krav om boikott av Midtaustens einaste demokrati) osv. osv.

Etter mitt syn bør samfunnsordskiftet gå mest mogleg fritt. Full fres! Der alle tenkjer likt, blir det tenkt lite. Ytringsfridomen er juvelen i demokratiet. Det bør difor setjast pris på eit vidt spekter av ytringar. Ytringsmot og ytringsansvar er alltid ein balansegang, som den einskilde sjølv må finne ut av. Men slepp folk fram! I rikspressa slepp ikkje vanlege folk til i det heile. Men dei sosiale media er blitt eit nyttig pustehol for demokratiet. Difor: Ikkje stell i stand tysk lov i Noreg! La folk flest få sleppe til når dei har noko på hjarta; ein lærer tidsnok å moderere seg.

Men er det noko det ikkje bør leggjast band på av nokon, er det religionskritikk. Totalitære krefter (islamistar) brukar sin religion som skjold for politiske maktinteresser. I FN ser ein no korleis dei 57 islamske statane stadig pressar på for å få til forbod mot «blasfemi» (les: islamkritikk). –  Ja, det skulle ta seg nydeleg ut, dersom «fredens religion» skulle fredast frå demokratisk debatt.

(Teksten ble først publisert i Hallingdølen, og er gjengitt med forfatterens tillatelse)