Oslo 20160726. Oslo tinghus ligger på C.J. Hambros plass 4 i Oslo og huser Oslo tingrett og Oslo byfogdembete. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Borgen var ein fighter av rang som visste kva korrupsjon i Noreg gjekk ut på.

For snart ti år sidan mottok han Flavius-prisen under «Openheitstinget», som var eit årleg seminar om openheit og innsyn i regi av offentlegutvalet til Norsk presseforbund.

I takketalen oppmoda Borgen pressefolk til å rette søkjelyset mot offentleg-privat samarbeid, og kommunesektoren spesielt. Frå grunngjevinga vart det trekt fram viktigheita av ein open og gjennomsiktig offentleg forvaltning. Dette for å hindre at korrupsjon, smørjing, ukultur og anna griseri skal frå breie seg.

Det er ti år sidan takketalen, og pressefolk har fortsatt store problem med innsyn i offentleg forvaltning. Det er same gamle med trenering av innsynskrav, manglande journalføring, utstrakt sensur, og sletting av dokument det er begjært innsyn i.

Under leiinga til Borgen hevda Transparancy International at korrupsjon var mest vanleg i småkommunane. Det er akkurat slik i dag også. Ukulturane veks i form av utilbørleg påverknad og tette band mellom leiande personar. Ei tett kopling av fordelar mellom aktørar med ulike rollar.

Eirik Jensen-saken er rettvisande for kor gale det norske påtale- og rettssystemet har vorte. Ein politimann dømd til fengsel i 21 år går fri i påvente av ankesak. Det er massevis av saker der tilsette i politiet er involvert i straffbare forhold, men av ein eller annan grunn får dei immunitet. Det same for kommune- og fylkestoppar.

Medan vi har fått eit påtale- og rettssystem for Jørgen Hattemakar og Kong salomo høyrer vi lite frå Transparancy International. Organisasjonen gjev i staden inntrykk av passivitet. Det å ta pengar frå kommunar og store organisasjonar for å halda PowerPoint-presentasjon om antikorrupsjonsarbeid.

Det vi treng no er eit krafttak og ein #meetoo-kampanje mot korrupsjon i offentleg forvaltning.

Annonser

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Alvorlige personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]