
NRK-reportarane snakkar stadig om dette med «høgreekstreme», som har hatt binding til nazimiljø, seinast på Sundagsrevyen 26.08 i innslaget om Sverigedemokratane. Minner igjen om at nazismen ikkje er på høgresida, men er naturleg å finne på den politiske venstresida.
Då er det rette at venstreekstremisme har tilknytning til nazismen. Men denne venstreekstremismen høyrer vi aldri om i journalistisk ordbruk. Kvifor ikkje? Kan det ha si forklåring i at ein stor del av journaliststanden visstnok er å finne på venstresida? Og dermed vil dei på uredeleg vis klenge nazismen til andre?
No er det også slik at ein slett ikkje treng å vere politisk på høgresida for å vere kritisk til ei framandinnvandring som er i ferd med å endre våre samfunn dramatisk, og innvandrarar vil i framtida verte i fleirtal i våre samfunn. Dette er ein realitet. Sjølv kjenner eg folk med kommunistisk tilhøyrigheit som er sterke motstandarar av masseinnvandringa og framandgjeringa av Noreg. Også slike vert altså å rekne som «høgreekstreme»!
Eg vil oppmode NRK-folk å lese Einar Myklebust sin kronikk i Aftenposten den 26.03. 1992, der overskrifta er «Nazismen på venstre side». Her skriv han m.a.: «Som et kollektivistisk sosialistisk system hører nazismen hjemme på venstre siden av den politiske skalaen.»
Som lisensbetalar er eg lut lei av denne stadige feilinformasjonen til publikum om at høgresida har tilknytning til nazismen og at eg skal vere tvungen til å betale for å oppretthalde, og lønne dei tilsette, i denne institusjonen når eg ikkje kan vente å få sakleg og sannferdig informasjon tilbake.