Oddvin Alfarnes
Illustrasjonsfoto: Shutterstock/ Masha Arkulis
Del saken
  • 49
  •  
  •  
  •  
  •  

At somme menneske vel å leva i skuggen av sine mørke dogme, er det ikkje så mykje å gjera med, for tankefridom må me ha, sjølv når det meir er stivna vane enn tenking. Men det er skilnad på tru og handling. Det uroar meg at denne skilnaden ikkje blir vektlagt meir av den politiske majoriteten i Norge. Dei synest å meina at dei som trur på forteljinga om pakta som Gud påla Abraham, har rett til å skalpera penis på forsvarslause gutebarn. Men trusfridom kan ikkje romma rett til å påføra andre skade. Fridom for allslags handlingar kan ikkje følgja av fridom for tru og tanke.

Det er tragikomisk at mange jødar ser omskjering av nyfødde gutebarn som eit hovudpunkt i si gudstru. Tragisk fordi dei med dette set seg ut over norsk lov og fordi norske styresmakter ikkje berre ser gjennom fingrane med det, men legg til rette for det, og med det seier at me ikkje kan krevja det same av dei som av andre. Likskap for loven, men…

Det ligg klientifisering i botn her, den same grunnholdningen som heldt innfødde millonar utanfor samfunnsansvar og samfunnsstyring i det britiske imperiet og andre koloniar. Komisk fordi gudstru og åndeleg liv blir gjort avhengig av noko så profant og sanseleg som mannens joystick, at nett dette skal vera eit kriterium for at ein høyrer til gruppa av rette truande.

Omskjering er til barnets beste, det er ein viktig gruppemarkør, gjennom den blir barnet del av kulturfellesskapet, får samkjensle med flokken sin, hevdar forsvararane. Det er truleg mykje rett i det. Men det kan ikkje vera nok til å rettferdiggjera valdshandlinga omskjering, ei handling som òg i mykje verre grad har ramma jentebarn, også då gjerne med kulturell grunngjeving.

Om Abraham var ein historisk person, var han ein arabisk migrant. Han og følgjet hans kan ha kjent trong for noko som kunne halda dei saman som gruppe i det framande. Det verkar like fullt snodig at fjerning av hud rundt penishovudet skulle vera det samlande merket. Jødiske talspersonar som ytrar seg i omskjeringsdebatten, hevdar at nett dette er eit hovudpunkt i trua deira. Dei meiner dei ikkje har religionsfridom dersom dei ikkje får driva med penisskalpering.

Mykje vald er utøvd i religionens navn. Det må ta slutt. Trua er deira, men deira trushandlingar påverkar oss alle. Me er alle Abrahams barn, heiter det. Dei handlingane det her er tale om, angår ikkje berre jødar og muslimar.  Dei er som oss alle deltakarar i det samfunnet dei lever i, og har ikkje rett til å gå fram som om det dei gjer, ikkje vedkjem andre enn dei sjølve. Det burde norske styresmakter ta konsekvensen av. NOU 2011:14 har tittelen «Bedre integrering». Her står det faktisk: «Minoriteter i Norge må respektere at Norge aldri vil godta tvangsekteskap og omskjæring, (…)». Kva har skjedd?

Gud kravde noko anna òg av Abraham, og Guds pålegg ville han retta seg etter. Me får vera glade for at han ikkje fekk drepa sonen sin likevel, elles kunne det vore fleire mørke dogme å ta stilling til. Aztekarane var òg svært religiøse, ingen ofra visst fleire menneske enn dei. At menneskeofring blir fordømt i 1. Mosebok, gir grunn til å tru at det ikkje var ukjent i kulturen der heller. Kristendommens kannibalistiske nattverd er reint symbolsk, men det heiter seg faktisk at Gud ofra sonen sin.

Den tragikomiske pakta mellom Gud og Abraham kan sjåast som ei «harmlaus» menneskeofring, det  er myte og folklore, ein kulturrest. Slike restar finst truleg i alle kulturar. Omkvedet til dei som vil behalda restane, er gjerne at «me har alltid gjort det slik». Men kulturar endrar og utviklar seg, det som var ein gong, må ikkje nødvendigvis gjelda til evig tid. Det finst åsatruande i Norge. Ingen ville godta frå dei handlingar som er i strid med norsk lov.

 

  • 49
  •  
  •  
  •  
  •  

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Alvorlige personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]