Migranter i Middelhavet. Foto: Libyan Coast Guard via AP
Del saken
  • 564
  •  
  •  
  •  
  •  

SSB har lenge snakka om at innvandringa vil skifta frå vestleg innvandring til ikkje-vestleg innvandring. Det dei ikkje nemnte var at innvandringa vil skifte til hovudsakleg muslimsk innvandring.

Av dei 21700 som nettoinnvandra til Norge i 2017 så er 2/3 eller ca. 14000 frå land med muslimsk majoritetsbefolkning. Av dei ca. 50 landa som har muslimsk majoritetsbefolkning, så hadde Norge i 2017 innvandring frå stort sett alle. Så Norge er utvilsamt eit populært mål blant muslimar uansett kor dei kjem frå. Tal for netto innflytting finn ein i SSB tabellen 05476.

Samtidig som me har fått nettoinnvandring frå nesten alle majoritets muslimske land flyttar folk frå dei fleste vestlege land ut. Folk frå land som Danmark, Island, Sverige, Estland, Irland, Frankrike, Tyskland, Malta og Slovakia hadde netto utflytting i 2017. Mens den største gruppa som flytter ut er etniske nordmenn.

Rask befolkningsendring i Norge
Dei fleste land i verda har 1 til 2 prosent innvandrarar. Norges etniske befolkning har lenge stått stille på ca. 3,9 millionar. Legg ein til innvandrarar er me 5,3 millionar. Så på nokre få tiår har me auka antall innvandrar frå ca. 0% til over 25%. Dette går fort. Som Terje Tvedt slår fast i si bok Det internasjonale gjennombrotet, så er Norge eit av dei landa i Europa som relativt sett har endra sin befolkning raskast. Og meir endring vil det bli.

Når blir etniske nordmenn i mindretal?
I eit normalår har Norge ein folkevekst på ca. 40000. Sia etnisk norske står stille på 3,9 millionar blir etnisk norske i mindretal det året me passerer 7,8 millionar. Ut frå desse tala blir det i år 2085. Men det betyr ikkje at muslimar har blitt den største gruppa. Det er tross alt over 200 forskjellige nasjonalitetar som har innvandra til Norge. Me er som sagt populære.

Når blir muslimar den største gruppa i Norge?
For å bli den største gruppa i Norge må muslimane over 3,9 millionar. Det er anslått at det er ca. 300000 muslimar i Norge i dag. Med normal innvandring på 20000 der 2/3 er muslimar kan ein vente ca. 14000 muslimar i året. For å rekna ut når muslimane blir den største gruppa treng ein å veta kor mange barn dei får.

Folk frå Iran får lite ungar og har ein organisk vekst på 1,3% mens folk frå land som Somalia, Etiopia, Eritrea og Syria får mange barn og har ein organisk vekst på over 3%. Viss ein tar eit moderat utgangspunkt i at muslimske innvandrarar har ein organisk vekst på 2% så ser ein at dei passerer 3,9 millionar i 2093 og dermed er den største gruppa i Norge.

Dagens politikk
Dagens politikk er svært migrasjonsvenleg. Partia byr over kvarandre ang. antall kvoteflyktningar. Og kvoteflyktningar kjem hovudsakleg frå muslimske land. Skulle ein gått andre vegen måtte ein bl.a. ha endra flyktningkonvensjonen, sagt nei til den nye migrasjonsavtalen i FN og jobba for ein viss grad av repatriering. Det er det neppe politisk fleirtal for i Norge. Så med dagens politikk er det umogleg å unngå at muslimane blir den største gruppa i Norge.

Skråblikk mot USA
Det ser ut til at USA held best stand mot den islamiseringa ein ser av den vestlege verden. Og som kjent, Donald Trump vil heller ha Nordmenn enn folk frå «shithole countries». Så viss du er skeptisk til den islamiseringa som går føre seg, så er det berre å trappe opp på den amerikanske grensa. Viss du blir nekta så er det berre å sei at du er spesielt invitert av Donald Trump.

Vi trenger din hjelp. Gi en julegave til Resett i år!

  • kr

Eller betal til kontonummer 1503.94.12826
Vårt vipps-nummer er 124526
Andre måter å donere på finner du på Støtt oss siden.
  • 564
  •  
  •  
  •  
  •  

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Alvorlige personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]