Illustrasjonsbilde. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Ein framand kultur har slege seg ned i landet vårt. Det skapar splid i folket. Har Trædal tenlege løysingar på det?

annonse

Arendalsuka 2017. Fylt av sorg tok eg ein runde gjennom den politiske gata med eit spørsmål i tankane: Kva synes ditt parti om at SIAN (Stopp Islamiseringen av Norge) måtte pakke ned den raserte standen sin medan dei valdsutøvande, unge muslimane og deira støttespelarar sto og såg på? Leiaren hadde fått fleire titals dødstruslar i løpet av dei få dagane dei var i Arendal. 

Eg ser ikkje bort frå at SIAN-folka har brukt uakseptable ytringar i konfrontasjon med motstandarane. Dei kunne med fordel ta bort karakteristikkar av andre i informasjonsmaterialet sitt. Likevel: Eg meiner dei har belegg for det dei seier om islam.

Denne augustdagen var eg først innom Arbeiderpartiet sin stand. Der møtte eg ein muslim eg kjenner. Eg ytra mi sorg over det som hadde skjedd. Trass i at eg og sa at eg var bekymra over islam som ideologi, blei eg motteken med varme. 

På ein open plass ved enden av gata såg er venninna mi i prat med ein ung mann. Han representerte MDG og var fylkesrepresentant for Aust-Agder. Eg stilte dei same spørsmåla til han som eg hadde stilt dei andre, men responsen blei ein ganske annan. Spurte eg om fakta, var responsen personleg angrep på meg. «Dette er den verste samtalen eg har hatt heile veka,» sa han. Han hadde trigga eit djupt tema hos meg.

I ettertid har eg forstått at eg hadde møtt på Eivind Trædal. Eg har no sett han på Dagsnytt 18, og eg har lest boka hans: «Hvorfor ytre høyre vinner debatten – og hvordan vi kan stoppe dem». Det første har eg ikkje heilt forstått og det siste har eg ikkje funne truverdig svar på.  Han har i alle fall ikkje klart å stoppa meg.

I boka skriv han at han og Rune Berglund Steen ikkje bidrar til å hisse opp til trugsmål, hat eller stigmatisering av svake grupper slik han meiner at Resett, Dokument og HRS gjer. Ikkje det?  Berglund Sten sine sympatisørar står og ropar «Ingen rasister i våre gater» så snart islamkritikarar viser seg offentleg. I vårt samfunn må ein vera sterk for å stå i slikt. Ved fleire høve har venstreekstremistar møtt opp med fysisk vald òg. Og så saknar Trædal at vi viser oss lite i det offentlege rommet!

Han har sjølvsagt funne uheldige sider i dei omtalte sine publikasjonar, men er det ikkje å undervurdera oss at alle lesarane blindt går på det han kallar digitale nidstrenger? Trædal gir inntrykk av å ikkje forstå at mange av oss har funne kunnskapen vår i dei islamske kjeldene og ikkje frå det han kallar konspiratoriske ekkokammer. Kunnskapane våre blir stigmatiserte i ein kultur der det utålelege skal tolererast. 

Når Trædal nemner svake grupper, røper han at han opererer innanfrå ei boble og med spesielle tolkingsbriller. Påstått underprivilegerte grupper skal forsvarast. Er muslimar ei svak gruppe? I tilfelle er det deira eigen ideologi som gjer nokon svake og andre sterke. Kva med å skilja mellom menneske og ideologi? Og kva med å gå inn i det vi reagerer på i staden for å døma oss for reaksjonane våre?

Ord som går igjen i boka er hat, konspirasjonsteoriar, høgreekstremisme og rasisme. Det er vanleg å stempla andre med desse tolkande merkelappane når ein ikkje har fakta å by på. Trædal skriv at Resett, HRS og Document konsentrerer seg i hovudsak om å spreie konspirasjonsteoriar om muslimar.

Ein av teoriane skal vera at islam arbeider for verdsherredøme. Er det konspirasjonsteori når det faktisk er nedfelt i ideologien og i tillegg er klart uttalt frå autoritetar innan islam, når vi faktisk ser korleis islam vinn terreng over heile kloden, når vi ser Det Muslimske Brorskapet sitt motto, når vi ser småskala jihad i Marokko, når vi ser IS, når vi ser muslimar ulovleg fyller gater til bøn, når vi ser at vestlege land investerer milliardar i forsøket på å førebyggja terrorangrep og når sentrale islamkritikarar konstant lever med politivakter?         

Trædal gir islamkritikarar medansvar for ABB sine handlingar. Eg har sett i manifestet at nokon muslimars åtferd og islams innhald er blant triggarane til ABB. Han fann støtte i synspunkta sine hos Robert Spencer, Tommy Robinson og andre som har erfart og sett seg inn i uheldige konsekvensar av islamsk kultur. Det er det einaste han har til felles med dei to. Det er millionar som deler ABB sine tankar om det skadelege ved islam. Skal alle dei stemplast fordi om han såg det same? Å ta eit oppgjer med hans tankar må vera å analysera dei ut frå islamsk ideologi og faktiske tilstandar rundt om på jorda. Han valde ekstreme strategiar for å løysa det han såg som problem. Vi går i ei felle om vi set likhetsteikn mellom eit fenomen og måten å handtera det på. Ein mikroskopisk del av folket har sympati for hans ekstreme valdsløysing. 

Trædal tar og opp fenomenet projeksjonar. Han uttrykkjer at vi har moralsk panikk. Mitt inntrykk er at Trædal har moralsk panikk. Hans ubevisste projeksjonar kan sporast fleire stader i boka. Blant anna skriv han at ytre høgre er motstandsdyktige mot argument og motbevis. I Arendal viste Trædal seg som særs motstandsdyktig.

Det er tre ting i boka eg er delvis einig med Trædal i:


A) Innvandring og immigrasjon er ikkje pressa fram av vestlege elitar. Men: Som Gaddafi sagt, vil Islam vinna over våre demokrati utan krig, men enkelt gjennom livmora.  

B) Menneskerettar, likestilling og sosial rettferd kan bli sett kraftig tilbake av reaksjonære krefter. Eg: Islams utbreiing er heilt klart ei slik kraft, sjølv om den er liten i vårt land.

C) Det er utåleleg mykje grov hetsing av meiningsmotstandarar i media! Ja!

Eg trur at Trædal og eg ønskjer det same: Eit samfunn der vi menneske kan leva trygt, utfalda oss kreativt og skapa gode relasjonar. 

Eg er framleis trist på grunn av at destruktive sider ved ein kultur får operera så pass fritt i Norge og frustrert over dei haldningane Trædal gir uttrykk for. Mitt nyttårsønskje er meir respektfull og faktabasert informasjon om islam, også frå andre kjelder enn dei han tar for seg i boka. Mange muslimar vil oppleva det sårande, nokon vil ty til vald for å hindra det, men ærlegdom varer lengst.

Resett trenger din hjelp

Du kan støtte oss på Vipps nummer 124526.
Bankoverføring til kontonummer 1503.94.12826.
SMS "Resett fast" (59,- pr. mnd.) eller SMS "Resett" (200,- en gang) til 2474.

NB: Dette er helt separat fra Resett-abonnement og gir ikke tilgang til abonnementsinnhold. Resett-abonnement finner du ved å trykke her.