KNM Helge Ingstad. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Fregatten som havarerte i Hjeltefjorden, er eit godt døme på stoda i vårt kjære fedreland: Han mista både framdrift og styring og seig inn mot Øygardslandet. Dette var det dyraste vårt forsvar har kjøpt – kosta over fire milliardar kroner.

Hugsar ein tilbake nokre år; så kjøpte Noreg fire nye topp moderne Hercules transportfly til kring ein milliard kroner for kvar. Eitt av desse med namnet «Siv» gjekk rett mot fjellveggen på Kebnekaise – og fem offiserar omkom.

Forsvaret bygde eit flunkande nytt fort i Troms til ein milliard kroner: Dette var i drift i tre veker – og vart så nedlagt. Våre MTB-ar vart opprusta og modernisert for over ein milliard kroner. Året etter vart dei kasta på land på Askøy som skrót. Hæren har gamle stridsvogner som treng stell og vedlikehald. No syner det seg at Forsvaret har «gløymt» å bestella reservedelar til desse – og det er fleire års ventetid på slike delar. Heldigvis har Finland kome oss til hjelp og lånt oss stridsvogn-delar.

Regjeringa er i dag samansett av statsrådar frå fire parti. To av desse partia ligg no mellom 2-4 prosent på meiningsmålingane – men styra landet skal dei. Ja , jammen greidde dette 2-prosent-partiet Venstre å vedta nedlegging av pelsdyrnæringa. Vidare går Venstre inn for stans i all nydyrking i myrlendt terreng avdi dette ikkje er bra for klimaet. Noreg har ein sjølvforsyningsgrad på 38 prosent når det gjeld mat. Om det vert krig eller krise (styresmaktene sende brosjyre til alle husstandar i fjor haust om personleg førebuing til slikt) – så vert det magre kår for våre innbyggjarar – spesielt i byane.

Europa har nok med seg sjølv; så me har ingen garantiar om å få kjøpa mat frå desse landa. Tidlegare var det fastsett i forskrift at landet vårt skulle ha kornlager til eitt års forbruk. Forskrifta er no borte og me lever «frå hand til munn» – kan henda har me korn nok til forbruk i ein månad. Såkorn måtte me kjøpa frå utlandet i 2018.

Så er det dette klima-hysteriet. Det er mange som lever av å vrir andletet på TV-skjermen og samstundes fortél oss andre toskar kor alvorleg stoda er for planeten vår. Tja, då må me ikkje senda kronprins, kronprinsesse, prinsesse samt ei røys med importante koryfear – både frå Noreg og mange andre land – til denne økonomiske samkoma i Europa som kosta 500.000 kroner per person. På flyplassen der stod 1500 privatfly parkert medan dette rådyre møtet pågjekk.

Lat oss seia at desse miljøforkjemparane har rett. Då er det tre ting me må gjera straks: 1. Forby all sivil flytrafikk. 2. Forby alle cruise-skip å koma til landet. 3. Forby bruk av fritidsbåtar. Men nei – slikt kjem ikkje på tale. Me har eit kongerike utan ror.

Tenk tilbake nokre år: Då ville regjeringa senda ein person, som er farleg for tryggleiken i landet, frå Oslo til Kyrksæterøra. Statsminister og regjering hadde ikkje fullmakt til dette.