Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Før 2015 hadde me ei gjennomsnittleg nettoinnvandring frå medlemsland i organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) på 5908 personar årleg.

I 2018 nettoinnvandra 6577 frå desse landa. Så i forhald til normalen så gjekk tala opp. Det vil sei at i 2018 så gjekk den totale innvandringa ned, men innvandringa frå muslimske land auka.

Når ein snakkar om nettoinnvandring er det naturleg å skilja mellom før og etter Angela Merkel opna grensene i 2015.

Nettoinnvandringa før 2015 kan ein kalla normalår og åra 2015, 2016 og 2017 kan ein kalla ekstraordinære år. I 2018 var dei fleste europeiske land tilbakar til normalen.

Nettoinnvandringa til Norge i 2018 var ifølge SSB 18103 personar. Av desse hadde 6577 personar bakgrunn frå land i organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC). Det vil sei at 36% hadde bakgrunn frå eit av dei 57 medlemslanda i OIC.

Nettoinnvandringa frå land i OIC:
2007: 4824    2011: 5273    2015: 9001
2008: 5061    2012: 7886    2016: 16636
2009: 5762    2013: 6739    2017: 11434
2010: 5460    2014: 6265    2018: 6577

Kjelde: SSB Tabell 11327: Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap 2007K1-2018K4