Det har blitt oppstyr omkring justisminister Kallmyr fordi han tidlegare skal ha hatt ein au pair ei kort tid i strid med regelverket.
Enkelte meinar at dette er så alvorleg at han må gå av.
Her kan det vera relevant å minne om at tidlegare statsminister Jens Stoltenberg ei tid hadde svart dagmamma. Han vart intervjua i Dagsrevyen og gav svar med fylgjande innhald:
– Det er ikke jeg som skal betale skatt. Det er hun som skal betale skatt. Jeg kan ikke vite om hun betaler skatt.
Han slapp unna med det.
Dette er to «brotsverk» som er svært like. Skal det vera lik rett for Tor og Loke?