Illustrasjonsbilde. Foto: Johan Nilsson / TT / Kod 50090
annonse
annonse

Som innvandringskritisk homofil mann oversåg eg i førre veke glatt heile pride-sirkuset. Men eg avstandsforelska meg. I ein fiktiv heterofil svensk tenåringsgut med ein liten pride-button på hawaii-skjorta. Då han tok eit oppgjer med innvandrarkulturen i Malmø. I ein politisk korrekt STV-produsert ungdomsdramaserie som eg såg på NRK sine nettsider.

«Skam»-inspirerte Festen frå 2019 handlar om ein multikulturell gjeng med ungdomar som møtest på ein fest i eit villastrok ikkje så langt unna Rosengård ei sommarnatt i Malmø. Me får sideblikk inn i bakgrunnen til Dessi, Zafirah, Amanda, Nadine, Aasim og Tony, som alle ser ut til å ha heilt eller delvis nysvensk opphav, og kameratane Frans og Martin, som vert presentert som etnisk svenske.

På same vis som i NRK P3 sin eigen multietniske ungdomsdramaserie frå Oslo aust, «17», er det multikulturelle ungdomsmiljøet skildra som grunnleggande usympatisk: Ta standard tenåringsdrama og -kjekling, tilsett æres-/skam-kultur og islam og køyr opp i n’te potens. Miljøet er klaustrofobisk og prega av konstante konflikter om pengar, dominans, ære, skam, sex, ryktespreiing, narkotika og narkotikahandel.

annonse

Les også: Sverige: Avvist asylsøkers seksuelle overgrep er «ikke alvorlige nok» til å utvise ham

Islamske samfunn er som ungdomsskulen
Det slår meg medan eg ser serien at den islamske æres-/skam-kulturen faktisk er samfunn som befinn seg i konstant, utmattande tenåringsmodus, kor skuldingane «hore», «hund», «horeson», «son av ein hund» osv. flyg fritt fram og tilbake, og fører til hemnaksjonar og motåtak. Samfunn i Mellomausten kor folk fyrst og fremst har nok med å skaffa seg sitt daglege brød i sitt ansikts sveitte kan kanskje framstå som sympatiske på trass av dette; men hjå ungdommar som lever i og på nordiske velferdsstatar fremstår det som trøyttande og djupt usympatisk.

I utkanten av denne andelege sumpen finn me «svennane» Frans og Martin, som prøver å få innpass på festen. Frans er ein velskapt, taus og særs skuleflink nørd som er den hemmelege elskaren til den sympatiske jenta Dessi, som aktivt forfører denne «svennen», fordi ho vil ha ein gut som er ærleg, snill og trufast, i motsetnad til dei nysvenske gutane, som sjølvsagt ville kalt henne «hore» i alle kanalar, om dei hadde visst om henne og Frans. Dessi minner oss om at kvinneforakt kan skapast av at kvinner lèt seg veljast, brukast og fornedrast av menn, men til slutt prellar av om ei kvinne tek eit sjølvstendig val om å attrå og elska.

annonse

Ekko av Astrid Lindgren og Thomas Mann
Eit mannleg motstykke til motstraums-Dessi er Frans sin kamerat Martin, spelt av Frans Zethraeus. Det er noko sjølvsikkert ved denne fyren, som køyrer sin eigen hipster-stil med sixpence og hawaii-skjorte, samstundes som forsøka hans på å sjarmera jentene i dette multikulti-helvetet med «snill svenne-stil» framstår så sårbare at ein får ein umiddelbar godhug for han, samanlikna med dei usympatiske multikulti-gutane. Han er høg, mørk og slank med ørnenase. Sjølv om det ikkje vert antyda at han er noko anna enn etnisk svensk, kan ein sjå for seg at han kan ha heil eller delvis chilensk, gresk, jødisk etc. bakgrunn. Altså frå dei etablerte og integrerte innvandrargruppene, som bittert beklagar at det Sverige dei flykta til utviklar seg i retning av dei tilbakeståande situasjonane dei flykta frå.

Livskraftige, mørke Martin og drøymande, ljose Frans verkar som eit omvendt ekko av Thomas Mann si forteljing «Tonio Kröger», frå motsett breidd av Austersjøen, om livet og kunsten og kvifor ein elskar fascisten sjølv om fascismen er ei umoglegheit. Ein annan interessant tysk referanse er det korte tilbakeblikket til Martin og Frans sin fyrste skuledag, som minner sterkt om den hjarteskjerande søte musikkvideoen «Ich bin ich (Wir sind wir)» til den tyske popduoen Rosenstolz. Den rolla uredde Martin spelte for engstelege Frans er som henta ut frå Pippi Langstrømpe eller «Brødrene Løvehjerte», og kan gi alle ei tåre i augekroken.

Kroppane ingen bryr seg om
Serien prøver å gje eit like nyansert bilete av nysvenskane, men for meg funkar det like dårleg som i «17». Eg forstår at Aasim vert freista til å tena «snabba cash» ved å oppbevara eit vapen for kriminelle for å tena nok penger til at han, mora og lillebroren skal sleppa å bu saman med den valdelege onkelen, men eg klarer ikkje å identifisera meg med Aasim, med sitt bråkjekke vesen. I motsetnad til fine, ivrige Martin ber han ikkje hjarta utanpå skjorta, symbolisert med hjarta i regnbogefargar på buttonen utanpå Hawaii-skjorta.

«Festen» er ein god serie fordi karakterane er mangesidige. Så òg Martin. Det viser seg at han er ein «flawed hero», med menneskelege feil og manglar. Det er forfriskande at han er fokusert på andre jenter enn dei som lograr for dei misogynistiske nysvenskane, men han lir nok av «nice guy»-syndrom, og kan verta aggressiv om jenter ikkje belønar han for å vera ein «nice guy». Det viser seg at han har brote seg inn i kameraten Frans sin telefon og lagt nakenbilete som Dessi har sendt Frans ut på ei nettside. (Utan å vita at Frans er saman med Dessi.) Heilt klart djupt usympatisk uansett, men likevel klarer det ikkje å rokka ved sympatien min for Martin. Blant anna fordi eg tenker at ingen bryr seg om kroppen hans – kroppen til ein heilt vanleg småspinkel tenåringsgut. Ein skriv side opp og ned med kronikkar om tenåringsjentene sin kropp, men ynglingkroppen er det ingen som ofrar noko omtanke eller omsorg.

Eit skot i natta
«Festen» får, nett som den danske filmen med same namn, eit valdsamt klimaks kor konfliktar kjem til overflata. Martin har funne ein pistol i garasjen og trugar alle, inkludert vaksne nysvenske gjengkriminelle som er komne for å henta pistolen Aasim passar på, medan han forlangar oppreising for Frans og vel indirekte Dessi. Han endar med å skyta Aasim i armen og bidreg dermed til nok ei nattleg blålysutrykking i Malmø. (Aasim overlever utan større men.) Det er sjølvsagt djupt skuffande at fine Martin synk ned til nysvenskane sitt valdelege nivå, men det kjennest likevel som ein katharsis, på grunn av at han kjem med ein tirade mot dei motbydelege kriminelle og leiken deira med andre sitt liv, i jakta på pengar.

Korkje Martin eller Frans ytrar noko som helst som kan tolkast som innvandringskritisk i serien, men i overført tyding rettar Martin ein pistol mot dei som øydelegg Sverige og han kjem med ei ytring som, viss ho vart ført til endes, smakar av Sverigedemokratar og alternative medier. Dersom mørke, vakre Martin faktisk sjølv har innvandrarbakgrunn går han inn i den same rolla som den kjende «arga blatten». Uansett er det en serie som er verdt å sjå, sjølv om STV kanskje ikkje rekna med at ein skulle verta kvalm av det Sverige han viser, og forelska seg i ein gut som ikkje finn seg i at Sverige vert slik.

Tegn abonnement eller støtt oss på andre måter hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.

Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

annonse
Utskriftsvennlig versjon Utskriftsvennlig versjon