Boris Johnson. Getty Images/Charles McQuillan/Pool via REUTERS

Storfavoritten til å verta leiar for dei britiske konservative og Storbritannias neste statsminister, Alexander Boris de Pfeffel Johnson, er ikkje berre unik fordi den eine oldefaren var ein tjerkessisk-tyrkisk journalist, sekulær muslim og kortvarig innanriksminister i Det osmanske riket, ein annan oldefar ein jødisk akademikar fødd i Tsar-Russland og svigermora hans og bestemora til borna hans ein sikh medan dei andre oldeforeldrene var frå britisk, amerikansk og tysk overklasse, men og fordi han er i slekt med dei protestantiske nordvesteuropeiske kongefamiliane.

annonse

Han er mellom anna seksmenningen til vår eigen kronprins Haakon. Noko som betyr at Boris Johnson sin far er kong Harald sin femmenning.

Denne faren var dotterson av baronesse Marie Luise von Pfeffel, som vart til de Pfeffel på anglofransk. Hennar farmor igjen var ei Karoline von Rottenburg, fødd utanfor ekteskap i 1805 som dotter av den 28 år gamle skodespelarinna og enka Friederike Vohs (fødd Porth) og 20 år gamle prins Paul av Württemberg. Prins Paul var ein yngre son av den dåverande kurfyrsten av Württemberg, som eitt år seinare vart konge av det sjøvstendige kongeriket Württemberg, i dagens Sørvest-Tyskland, med Stuttgart som hovudstad.

Prins Paul av Württemberg (1785-1852). Foto Wikimedia Commons Ukjent.

Norgesvenen dronning Sofie av Nassau
Den utanomekteskapelege dottera, som seinare vart standsmessig gift med ein bayersk baron von Pfeffel, vart fødd to månadar etter at den unge prinsen vart gift med prinsesse Charlotte av Sachsen-Hildburghausen. Då systera hennar, ei anna prinsesse av Sachsen-Hildburghausen, ein oktoberdag fem år seinare gifta seg med den bayerske kronprinsen, vart forøvrig tradisjonen med oktoberfest i München innstifta.

Prins Paul og prinsesse Charlotte fekk mellom andre dottera Pauline, som vart gift med hertug Wilhelm av Nassau. Det var ein småstat i området nordvest for Frankfurt am Main som vart slukt av Preussen i 1866. Men Wilhelm sin avsette son frå fyrste ekteskap arva Luxemburg og fekk overta som storhertug der i 1890. Med Pauline hadde han ein son som gifta seg «under sin stand» med dottera til den russiske nasjonaldiktaren (og adelsmannen) Alexander Pusjkin og ei dotter, Sophie, som gifta seg mykje meir standsmessig, med prins Oscar av Sverige og Norge.

Som Sofie av Nassau var ho den siste unionsdronninga, og vart rekna som ein norgesven og med ein dempande innverknad på mannen Oscar II i unionsstridene, og ikkje minst i den endelege skilsmissa i 1905. Ein av sønene deira, prins Carl, hertug av Västergötland, vart i ekteskapet med prinsesse Ingeborg av Danmark far til både Kong Harald si mor kronprinsesse Märtha (fødd i 1901 som prinsesse av Sverige og Norge) og dronning Astrid av Belgia, mor til abdiserte kong Albert II, som i likskap med forfaren prins Paul av Württemberg òg har ei adeleg dotter utanfor ekteskap, i tillegg til den regjerande sonen kong Philippe, som altså er Boris Johnson sin seksmenning.

Dronning Sofie av Nassau. Foto Wikimedia Commons.

Dei morganatiske hertugane av Teck
Boris Johnson sine anar er dermed ikkje berre særs multietniske og multikulturelle, men òg særs fornemme. Han er altså i fjern slekt med både dei norske, svenske, danske, belgiske, nederlandske og luxemburgske kongefamiliane, men òg med mange avsette tyske dynasti. Med monarken som kanskje kjem til å gje han regjeringsoppdrag, Elizabeth II, er slektskapet noko fjernare, fordi ho ikkje er etterkommar av prins Paul av Württemberg.

Men farmora hennar, formidable dronning Mary av Teck, var faktisk frå ei morganatisk (det vil seie ikkje-standsmessig) grein av det same württembergske kongehuset. Medan prins Paul sette barn på ei simpel skodespelarinne fekk fetteren hans, prins Alexander, gifta seg med ei ungarsk grevinne mot at borna deira ikkje vart prinsar av Württemberg, men hertugar av Teck. Det gjer dronning Elizabeth til tipp-tipp-tipp-oldeborn til hertug Friedrich Eugen av Württemberg, medan Boris Johnson er den same hertugen (prins Paul sin farfar) sitt tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldebarn. Det gjer Boris Johnson til prins William sin åttemenning.

Les også: Rowan Atkinson støtter Boris Johnsons rett til å krenke med «morsomme burkavitser»

I tillegg stammar både Boris Johnson, via prins Paul si mormor, som var ei britisk prinsesse gift med hertugen av Braunschweig-Wolfenbüttel, og dronning Elizabeth, frå kong George II av Storbritannia, i ulike grader. Her er igjen den gamle dronninga to generasjonar unna Boris Johnson, ved at ho er femmenningen til farmora hans. Alt i alt kan ein seia at det er eit imponerande fruktbart slektskap gjennom det württembergske kongehuset, som er kjent for å ha hatt to progressive homofile kongar med få eller ingen etterkommarar fram til det vart avskaffa i 1918

Resett trenger din hjelp

Du kan støtte oss på Vipps nummer 124526.
Bankoverføring til kontonummer 1503.94.12826.
SMS "Resett fast" (59,- pr. mnd.) eller SMS "Resett" (200,- en gang) til 2474.

NB: Dette er helt separat fra Resett-abonnement og gir ikke tilgang til abonnementsinnhold. Resett-abonnement finner du ved å trykke her.