Illustrasjonsbilde. Foto: Tom Hansen / NTB scanpix

Else Berit Kristiansen rasar i eit nyleg innlegg mot organisasjonen Voksne for barn si grønnvasking av skremming av born for klimaet si skuld.

annonse

Sidan eg trur på klimakrisa innser eg at Kristiansen og eg har særs ulike utgangspunkt. Men likevel meiner eg at ho opnar ein særs interessant diskusjon.

Sjølv om eg er samd med Kristiansen i at born ikkje skal skremmast unødig og at dei skal få innpoda ei positiv grunnhaldning om at sjølv om problema er store, går det an å gjera noko med dei, så meiner eg ikkje som ho ser ut til å gjera, at born i størst mogleg grad skal skjermast frå «vaksne problemstillingar». Barndomen min vart kanskje hakket meir traumatisk enn han laut vera fordi foreldre, besteforeldre, tanter og onklar aldri la skjul på sine sterke antipatiar mot alt som ikkje var berekraftig, det vera seg innvandring eller forureining og utpeika Arbeidarpartiet som kjelda til overgrep mot nasjonen, miljøet, folket, bondestanden, eigedomsretten, borgarskapet og generell amerikanisert haldningsløyse og likesæle, med Framstegspartiet som elendets grådige pådrivar på kultur- og miljøfronten

Korleis oppdra born innvandringskritisk

Eg lærte mykje om politikk ved å lytta til dei vaksne sine diskusjonar om kva for eit parti og kva for nokre politikarar som var dei verste hyklarane, svikarane og demagogane. Det var ikkje Hitler-Tyskland, Sovjetunionen eller DDR som var hatobjekta, for i sjølverklærte diktatur veit ein jo kven som er folket sine undertrykkarar. Nei, det var dei som jobba for å gjera Noreg om til noko anna enn ein blømande europeisk kulturnasjon på dei folkelege motkulturane sin grunn som fekk passet påskrive. Miljøvern var nærast noko som vart pålagt oss ungar av foreldre som hadde måtehald, sparing, flid, gjenbruk, utnytting av lokale ressursar, vedlikehald av arv og foredling av det beståande som ideal.

Ei sak eg saknar debatt om på Resett, i staden for konstante åtak på Greta Thunberg og hennar like, er spørsmålet om korleis ein skal snakka med sine eigne born eller born ein har omsorg for om den store endringa av befolkninga som føregår i Noreg og Europa ved innvandringa. Skal nasjonen reddast må jo dei oppvaksande generasjonane, nett som i andre diktatur, få okkult kunnskap om korleis Noreg og Europa var før innvandringa – at eit anna samfunn er mogleg. Men ein vil jo likevel unngå at born og unge kjem med utsegn på skulen og på andre arenaer som vert stempla som «hets» og kan setta dei sjølv og familien i eit dårleg ljos og i verste fall føra til sanksjonar. Nett som i Hitlers Tyskland og i Stalins Sovjet må ein læra born å halda kjeft, men tenka sitt. Og lesa regimekritisk litteratur. For dei må jo forhalda seg til alle desse «berikarane» anten dei vil eller ei – på skulen, på fritida, i sosiale samanhengar, på gatene osv.

Me vert utrydda

Nettopp klimasaka er som sendt av høgare makter i denne samanheng. Den høge og grenselause innvandringa er ikkje berekraftig. Tek ein Miljøpartiet dei Grøne på alvor endar ein til slutt i økofascisme. Dette er noko Greta Thunberg sin flokk umedvite kommuniserer når dei er allierte med gruppa «Extinction Rebellion» som flaggar faren for at me utryddar oss sjølve høgt. Me må prøva å vri diskusjonen over på at ja, me nordmenn kjem til å verta utrydda som underart når Afrika og Mellomausten kollapsar som følge av klimaendringar og ekstrem befolkningsauke og alle desse menneska migrerer opp hit. Nettopp derfor må me og dei unge slutta å eta så mykje kjøt ala opp på brasiliansk soya, slutta å køyra dei til skule og fritidsaktivitetar (er gatene vortne farlegare sidan me var unge… hmm kvifor det?) og slutta å fly på ferie til land utanfor Europa.

Ta dei med på togferie i Europa og gjer dei stolte over og glade i Europa sin unike gamle kultur. Det er å bygga opp motstandskraft hjå ungdommen med verdiar som har stått sin prøve. Fortel om barnekorstoga, om Komsomol, Hitler-Jugend og kommunistiske pionerar og gjer det klart at thunbergismen kan dra unge med seg i eit liknande ragnarok, men at han kan styrast inn mot demokratisk økofascisme. Og at Europas ungdom har eit bodskap til resten av verda: Dei må òg gjera endringar, som er endå meir smertefulle fordi dei enno er på veg opp i levestandard, om klimaendringane skal modifiserast. Og kanskje innvandrarungdommen i Noreg lyt reisa heim til landa dei ættar frå for å vera pådrivarar for denne endringa?

 

Resett trenger din hjelp

Du kan støtte oss på Vipps nummer 124526.
Bankoverføring til kontonummer 1503.94.12826.
SMS "Resett fast" (59,- pr. mnd.) eller SMS "Resett" (200,- en gang) til 2474.

NB: Dette er helt separat fra Resett-abonnement og gir ikke tilgang til abonnementsinnhold. Resett-abonnement finner du ved å trykke her.