På ein stille kveld, i eit vakkert land, sitt tusen sjeler under stjerneklar himmel og drøymer.
Vi drøymer om eit land med ro og fred, som blir vidareført frå vår generasjon til den neste, slik det alltid har. Vi drøymer om eit land med velstand. Vi drøymer om eit land med sunne borgarar, utan frykt for framtida. Vi drøymer om eit land med kunnskapsrike menneske, som forstår den verda dei lev i og som har styrken som skal til for å leve i den.
Men i det same landet, ynskjer dei sterke og mektige noko anna. For dei drøymer ikkje den same draumen. Dei ynskjer ikkje at landet skal bli vidareført frå vår generasjon til den neste. Dei ynskjer at nye skal vandre inn i landet vårt og med demokratiet, ta makta. Dei ynskjer ikkje eit land med ro og fred, for slikt skaper ikkje dette. Dei ynskjer ikkje sunne borgarar, for deira politikk skaper utryggheit og frykt for framtida.
Dei ynskjer svake menneske utan håp og styrke. For det har dei greidd med norsk utdanningssektor. Fyst gjer dei barn svake ved å fortelje at dei skal sei i frå og la vaksne løyse deira problem, i staden for å løyse problemet sjølv. Faktum er at ein ofte møter vaksne som ikkje bryr seg og oftare ikkje har nokon som kan beskytte dei. Vi må alle forstå, før eller seinare, at ein treng styrke for å leve i denna verda, uansett om det følas godt eller ikkje å innsjå det.
Les også: SSB bekrefter igjen at innvandringen er et pengesluk
Dei trykker barna så endå lenger ned ved å ikkje gje alle moglegheit til å tileigne seg studiekompetanse, slik at dei kan studere vidare. Mange tusen får verken læreplass eller har moglegheit til å komme inn på påbygg. Det er ein skam. Dei som er heldige nok til å ha studiekompetanse, slik at dei kan søke seg til ein høgare utdanning, får så smake på det urettferdige inntakssystemet vi har. Med ei kvoteordning som favoriserer tidleg utvikla og eit underleg system der elevar må bruker titusenar av kroner på å ta opp fag. Problemet er alt løyst i alle land rundt oss, med standardiserte inntakstester. Alle andre land bruker denne løysinga.
Den einaste draumen dei har, er draumen om makt og pengar. Alt leder tilbake til dette. For med innvandring kan politikarane sikre seg veljarar og donorane deira; lågare lønningar. Så til slutt, etter å ha overført frå sitt eige folk, blir dei belønna med flotte jobbar i internasjonale organisasjonar, som NATO, FN, WTO og EU. Ein takk frå dei som har fått tjuvgodset. Det er ikkje eit ynskje om noko godt som driv vår elite, elles hadde dei aldri handla som dei gjer.
Nei, det vi treng er dei som sitt og drøymer om noko godt, i ein sval og velluktande sommarkveld. Det er dykk eg sitt å drøymer om, at ein av dykk ein dag sitt og styrer vårt land.