I dag vel Portugal nye medlemer til nasjonalforsamlinga.
Det er 230 sete i nasjonalforsamlinga Assembleia da República, òg kjend som Parlamento. 116 sete krevst for fleirtal.
Neste val skulle ha funne stad i 2023. Men etter at regjeringas forslag til statsbudsjett for 2022 vart avvist i parlamentet 27. oktober 2021 skreiv Portugals president Marcelo Rebelo de Sousa ut nyval.
Valet står i røynda mellom Partido Socialista (PS) og Partido Social Democrata (PSD). NTB skriv at PSD, trass namnet, er eit «sentrum-høgre-parti».
Les òg: Fornøyd med mediene på årets valgdag – unngikk bøter (+)
PS og PSD har i fleire tiår dominert politikken i Portugal. Meiningsmålingane tyder på at dei to partia er jamnstore og at dagens valg ender med ei mindretalsregjering.
Eit tjuetals parti stiller, herunder Monarkistisk Folkeparti, Nasjonaldemokratisk Alternativ, Liberalt Initiativ, «Reagér, Inkludér, Gjenvinn» og Økologipartiet Dei Grøne.
https://resett.no/2021/12/28/foler-seg-trakassert-av-pst-22-juli-klager-til-eos-uvalget-som-siste-utvei/