Men botidskravet er 16 år, skriver Vårt Land.
Under forhandlingane på Hadeland har Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF blitt samde om eit amnesti, men kravet til butid i Norge er høgt.
– Amnestiet er eit steg i rett retning, men det omfattar for få, så me er ikkje nøgde. Fleire eldre asylsøkjarar som ikkje kan returnerast til heimlandet fortener å få bli i Norge, seier styreleiar Gunhild Andersen i Rettferdighet i Asylpolitikken (RIA).
Regjeringa vil «legge til rette for en engangsløsning for eldre ureturnerbare asylsøkere som har bodd lengre enn 16 år i Norge. Løsningen rammes inn slik at den ikke skaper presedens, og vil ikke gjelde for straffedømte».
Konsekvensen er at fleire «eldre ureturnerbare asylsøkere» ikkje er omfatta av amnestiet.
– Me er glade KrF tok forslaget om amnesti med inn i regjeringsforhandlingane, for det har vore svært vanskeleg å få skiftande regjeringar til å sjå på saka, seier styreleiar Gunhild Andersen i RIA til Vårt Land.