Denne gangen har turen kommet til ordføreren i Klepp kommune i Resetts intervjuserie, hvor noen utvalgte lokalpolitikere over hele landet får komme til ordet med sine budskap før kommunevalget 9. september.
Ane Mari Braut Nese er ordfører for Høyre i Klepp og ble utsatt for hærverk, vold og hets under bompengestriden i kommunen.
– Hvem er Ane Mari Braut Nese?
– Eg er mor til to, bur i Klepp og bryr meg om bygda mi. Har fått lov å vera ordførar i 8 år, og har endå meir eg vil gjera for kommunen, så eg håper på 4 år til.
– Du og din familie har nylig vært utsatt for uakseptable handlinger i forbindelse med bompengesaken. Hvorfor har en slik sak opprørt så mange at noen sågar tyr til vold?
– Eg trur at bompengar opprører så mykje fordi det går direkte på lommeboka vår. Det går ut på å gjera ein dugnad for å byggje veier, men me veit at det er Staten og fylkeskommunen som burde ha bygd veiene. Det er frustrerande for både innbyggjar og folkevald.
– Bompengesaken vil naturligvis være den viktigste saken i Klepp kommune under dette valget. Synes du det vil være en ansvarlig politikk å fjerne alle bomringer?
– Bompengesaka er lagt død i Klepp. Saka vart behandla i juni 2019 og stemt ned. Så nå trur eg kommunevalet vil handle om saker som oppvekst, skule, eldreomsorg og mykje anna kvardagspolitikk for ein kommune. Det kan godt vera at nokon vil sikre seg at saka ikkje kjem opp at. Men eg trur ikkje det er særleg aktuelt å forsøke å byggje opp ei ny utbyggingspakke ved hjelp av bompenger i Noreg no lenger. Bompenger er blitt så politisk betent.
– Bør Norge fortsatt være med i EØS og hvorfor?
– Noreg bør vera med i EØS. Det sikrer våre interesser overfor landa i EU. Både for å sikre handel med land i EU og ved at me har ein mulighet til å påvirke.
– Hva er den største utfordringen i Klepp kommune?
– Den største utfordringen i Klepp på lang sikt er klimaet. Landet er avhengige av å kunne produsere mykje mat på Jæren. Samtidig må me passe på det rike kulturlandskapet vårt og ikkje minst sjøen og dei lange sandstrendene våre. Forsøpling og klimautslepp truer matproduksjon og naturen.
– Er global oppvarming menneskeskapt?
– Eg trur at global oppvarming er menneskeskapt. Me veit og at temperatur og issmelting har gått i sykluser i mange tusen år. Men det kan ikkje vera tvil om at me menneske har påverka dette sterkt den siste tida. Og det er i alle fall ikkje tvil om at det er me som må endra kurs.
– Hvor viktig er klima og miljø for deg?
– Klima og miljø er viktigare og viktigare for meg. Eg tok det lenge for gitt, men har sett at det kan me ikkje gjera lenger. Eg har «vakna» av å sjå kor mykje plast som renn i havet og som me finn igjen i fisken me et. Det er skremande.
– Hvorfor bør velgere i Klepp stemme Høyre ved dette valget?
– Veljarar i Klepp bør stemme Høyre om dei vil sikre ungane sine ein god skule med tidleg innsats og oppdaging. Ei Høyre stemme er ei stemme for at alle skal ha like muligheter til å lykkast. At familier skal velja sine eigne løysinger og at dei eldre og sjuke skal kunne leve sine eigne liv. Høyre liker ikkje standardløysinger som alle skal pressast inn i. Me vil påverke vår eigen kvardag, og trur at dei fleste andre og vil det.
– Hvilke partier kan Høyre samarbeide med lokalt i Klepp?
– Klepp Høyre kan samarbeide med alle parti. No er me i samarbeid med Sp og Krf. Førre periode var Høyre, Frp og Venstre i lag. Det viktigaste er å finne gode løysinger for innbyggjarane.
– Til slutt: Hvis du fikk innføre en ting i Klepp kommune, hva ville det være?
– Eg har ein drøm om ein Klepp kommune heilt utan mobbing, der alle elevar og vaksne kan gå på skule og jobb og bli sett og akseptert for akkurat den dei er. Viss nokon finn den perfekte oppskrifta på det så ta kontakt.