Norge under okkupasjonen, Drammen sommeren 1941. Overalt i Norge kunne man finne kongens monogram H7, teksten Leve Kongen, eller V-tegn. Foto: Finn Bergom Gulbrandsen / NTB scanpix

Det er naturlegvis bra at folk set seg inn i historia og formidlar den vidare, men det Øystein Stray Spetalen her har gjort er å titte på fragment av det store biletet og så kauke med store fakter om enkelttema – utan å skildre korleis den store satsinga skjedde innan Norge. Han har likevel rett i at folk, då som no, kan vera feige. Heilt rett. Men gode mann, prøv å få med deg korleis ting skjedde og i kva rekkefylgje:

Kampen etter tapet i 1940 starta ikkje med store styrkar på skogen. Det kom seinare som fylgje av problemet for motstanden og hemmelegheita. Og heimefronten var ikkje berre “dei på skogen”!

Ved berre å sjå film og fjernsyn om denne tida, så får ein eit noko eindimensjonalt inntrykk av korleis krigen verkeleg var. Befolkninga var også avvæpna, og var i utgangspunktet like makteslause som vangsgjeldingane var ved møtet med Olav den heilage 900 år tidlegare. “Dei kunne ikkje gjera stort anna enn å bite i skjolda sine.”

Størsteparten av krigsinnsatsen vart gjort av sjømennene (sivilistar) og nordmenn som hadde klart å kome seg til Storbritannia. Befolkninga måtte på svært byrdefull måte bygge oppatt ein organisasjon med urøynde folk for framskaffing av nye våpen og alt det andre. Så seint som i april 1945, var det registrert 1037 i Heimefronten i heile Valdres. Så vart det sikkert ein del fleire siste dagane før freden kom. Styrken totalt vart likevel så stor at tyskerane hadde fått det tungt om det hadde vorte eit Festung Norwegen og ein alliert invasjon. Det var velsigna bra at det gjekk som det gjekk.

Det som verkeleg irriterte meg var synspunktet hans “med det lille håpet med Sovjet.”

 

Les historia vår og lær!

Sovjet samarbeide med nazistane heilt til operasjon Barbarossa i 1941! Hemmeleg flyøvingar i Sovjet før krigen, levering av krigsmateriell frå Sovjet til Tyskland m.a.

Og Stalin sende gratulasjonstelegram til Hitler då Tyskland hadde innteke Paris! Korleis trur du dette vart opplevd? Også av dei som dreiv eit møysommeleg arbeid med å opprette ein organisasjon for motstand?

Dei teidde kanskje stille – og dei tok strevet og forsakingane som skulle til for å nå fram.

Kanskje me alle bør heidre dette arbeidet og gjera det betre kjent. Og då har eg ikkje nemnd sjøfolka våre og alle andre som var ute. Ei skammeleg historie for Noreg? Ei historie som viser ikkje berre mot og ofring , men også svik og unnaluring – også etter at faren er over. Jfr her også nordsjøarbeidarane våre, og varslarane våre i rekkje saker fram til vår tid. Varslingar ikkje berre innan Politiet men også innan forvaltninga og næringslivet. Og gjestearbeidarar på kriminelt dårlege kontraktar.

Det er viktig at me ikkje berre i iver for å påpeike svik og mot for 70-80 år sidan, maktar å gjera noko med det som har verknad på vårt liv og framtid.

Kanskje videoen av Spetalen vart klypt for tidleg? Ikkje veit eg. Men eg synest at innsatsen hans på det som vart vist der fortener ein kommentar.

Foto: Privat

Fotoet av dette armbandet her er heile uniforma far hadde i april 1940 då har var med i kampane i Valdres. Den tilfredsstilte Geneve-konvesjonen.
Ei liknande uniform hadde han også våren 1945. Slik var det for nesten alle i Heimefronten. Far hadde ikkje eingong rekruttskule, men var utkommandert av lensmannen i april 1940.

 

Advertisements

Velkommen til Resetts kommentarfelt

Kommentarer forhåndsmodereres, det kan derfor ta noe tid før de dukker opp i kommentarfeltet. Skriv gjerne kort. Resett tar ikke ansvar for lenker til andre sider og for filmlenker. Resett står ikke inne for meningene som uttrykkes av den enkelte kommentator. Personangrep, hets, trusler og oppfordring til vold, spamming, trolling og avsporing av debatten er ikke tillatt. Det oppfordres til normal høflighet. Resett forbeholder seg retten til å fjerne enhver kommentar uten begrunnelse. Ved å kommentere her godtar du disse betingelsene. Gjentatte brudd på betingelsene kan føre til utestengelse.
Har du spørsmål knyttet til kommentarfeltet kan du sende det til [email protected]