Gunnar Stavrum sjefsredaktør i Nettavisen. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
Del

Gunnar Stavrum skriv ofte gode og opplysande innlegg om mange forskjellige tema. Men då han 8. januar 2018 skreiv «Den typiske innvandrar er ikkje muslim» så bommar han heilt.

annonse

Stavrum begynner med at den typiske innvandrar er ikkje ein muslimsk flyktning frå Somalia men ein kristen arbeidsinnvandrar frå Polen og Øst-Europa. Han viser til 35000 innvandringar i 2018 frå EØS land og at dette er over 10 gangar så mange som dei som søkte asyl.

UDI-tabellen Stavrum tar utgangspunkt i viser kor mange EU/EØS borgarar som har registrert seg i 2018 for å arbeida, studera eller bu med familien sin i Norge. Tabellen seier altså ingenting om kor mange som har slått seg ned permanent i Norge. Eg bur på landet, i Grimo. Her på landet har me mange sesongarbeidarar frå Polen og Øst-Europa, dei kjem om våren og reiser om hausten. Og alle som bur på landet skjønar at viss du reknar sesongarbeidarar som innvandring, så får du hakkande galne tal. I UDI-tabellen så har det kome 8745 frå Polen. Viss ein går inn på SSB tabell 11327 ser ein at nettoinnvandringa (innvandring minus utvandring) frå Polen i dei tre første kvartala i 2018 var 1243. Altså vesentleg lågare enn dei 8745 Stavrum snakkar om.

SSB kan og svare på kva verdsdelar nettoinnvandringa i 2018 kom frå:

annonse

Ønsker du å bidra til å holde Resett gående?

Tegn medlemskap eller Støtt oss med et enkeltbeløp

Husk at du også hjelper Resett når du kjøper fra våre annonsører

 

Desse tala viser at den typiske innvandrar er frå gruppa: «Asia, Afrika, Sør og Mellom-Amerika og Tyrkia» med 9541 innvandrarar. Øst-Europa er og ei stor gruppe, med 5064 innvandrarar, men dei er berre halvdelen av den største gruppa. Så Stavrum bommar kraftig her.

Stavrum har som sagt hovudtema at den typiske innvandrar i 2018 ikkje er muslim. Denne påstanden er lett å sjekke. I SSB-tabell 11327 ser ein at den totale nettoinnvandringa i dei tre første kvartala var på 16359. Viss ein legg inn dei 57 landa i Organisation for Islamic Cooperation + Bosnia-Hercegovina, så ser ein at nettoinnvandringa frå desse landa i dei tre første kvartala i 2018 var på 5407. Det vil sei at 33% av nettoinnvandringa var frå muslimske land og at innvandrarar frå muslimske land er ei større gruppe enn den frå Øst-Europa.

Les også: Gunnar Stavrum advarer Nettavisens ansatte om «massiv lekkasje», deriblant av «hardlinere» til Resett

annonse

Stavrum avsluttar artikkelen med at mange blir nok overraska over at det er tre gonger fleire norsk-polakkar enn norsk-pakistanar. Og lenkjer til ein tabell hos SSB som viser dei ti største innvandringslanda til Norge pr 1. januar 2018. Eg går ut frå at dette skulle være eit argument for at muslimsk innvandring ikkje er normalen, men viss man ser på tabellen så er 5 av dei 10 største innvandringslanda muslimske. Så tabellen er eigentleg eit argument mot teorien hans.

Viss ein ser litt humoristisk på dette så kan man mistenke Stavrum for å kutte ut kommentarfeltet i Nettavisen for å kunne spreie globalisme-propaganda uimotsagt.

annonse
Ønsker du å bidra til å holde Resett gående? Tegn medlemskap eller Støtt oss med et enkeltbeløp

Husk at du også hjelper Resett når du kjøper fra våre annonsører