Miljøpartiet de grønne sin nasjonale talsperson Une Bastholm. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ein agitert Une Bastholm, Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) nasjonale talsperson, meiner protestane mot bompengar ikkje skal takast omsyn til.

– Dette er ikkje demokrati. No er det nokon som er ute og roper veldig høgt, medan undersøkingar viser at til dømes i Oslo og Trondheim ønskjer fleirtalet ein restriksjon av bilane inn til byen. Fleirtalet i Oslo støttar at vi har ein miljø- og tidsdifferensiert bomring, uttaler Bastholm.

Les også: Arendal bystyre sier nei til bompenger og veiprising

– Dette har gått føre seg i nokre veker og difor skal vi gjere om på vedtak som har hatt månadsvis med behandling gjennom eit politisk demokrati? Eg syns det er veldig rart, fortsetter Bastholm.

– Det er djupt uansvarleg. Vi står framfor eit lokalval og det er difor dette skjer, seier Bastholm.

– Det er nokon få av dei som er ute og protesterer som har kome i ein situasjon som er vanskeleg. Det er nokon få i Norge som er så fattig og bur på ein slik måte at dei er avhengig av bil. Dei får det vanskeleg når ein har ein bomstasjon, seier Bastholm.

Les også: Ung bilist: – Sier vi at bompenger rammer urettferdig, får vi ikke mye skryt

Men det er ikkje god nok grunn til å bremsa bompengeinnkrevjinga, ifølgje Bastholm.

– Det er ikkje miljøpolitikken som skal løyse dei sosiale ulikheitene. Viss det er kriteriet, då set du miljø og klimapolitikken sjakkmatt, avslutter Bastholm.