Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Ein tidlegare ordførar roper varsko på vegne av Distrikts-Venstre. Ein annan gir seg etter 20 år med lokale tillitsverv i partiet, og meiner Trine Skei Grande har mista fotfestet.

Kulturminister Trine Skei Grande med frivillighetstrøya på Øyafestivalen. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Vi er nøydde til å rope varsko og setje på dagsorden den utviklinga som er i partiet, seier lokal Venstre-leiar og tidlegare ordførar Bjørn Hegstad til NRK.

– Medlemsmassen går ned, lokallag vert lagde ned og det blir færre og færre folk tilknytta Venstre særleg i Distrikts-Norge. Og så desse utruleg negative personsakene i tillegg, held han fram.

Les også: VG: Skei Grande omtalte partikollegaer som «psykopat» og «han homoen»

– Eg føler at alt Venstre gjer er veldig fokusert på kva som er bra for Oslo. Her i mitt område møter eg veljarar som lurer på om Venstre i det heile tatt er opptatt av situasjonen deira og deira liv her, seier Lokalpolitikar for Venstre i Troms gjennom 20 år, Bjørn Mathisen til NRK

Lokalpolitikarane i nord er også opprørt over dei mange negative oppslaga knytta til oppsiktsvekkjande ting Trine Skei Grande skal ha sagt og gjort. I brevet til partileiinga frå Lødingen Venstre heiter det:

Jan Tore Sanner, og to glade ordførere Alfred Bjørlo t.h fra Eid og Stein Robert Osdal fra Selje.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

«Lederen i Venstres karakteristikk av partiets fremste distriktspolitiske talsmann, ordfører Alfred Bjørlo, er ikke en partileder verdig. Vi har heller ikke sans for andre utsagn om personer».

Les også: Ballegrep, åkersex, homohets, utskjelling og baksnakking til tross. Derfor blir ikke Venstre kvitt sin skandaløse partileder

– Det er overhovudet ikkje bra dersom vår fremste distriktsforkjempar blir karakterisert som psykopat av partileiaren., seier Hegstad til NRK.